Vang Autoservice representerar to produsentar i Noreg og hadde med bilar frå desse på messa i Tyskland.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Storavtale

Storavtale signert på serviett

13. juni 2016

På bilbergingsmesse i Tyskland skreiv dagleg leiar Arve Wangensteen hjå Vang Auto–service AS ein salskontrakt verdt nesten to millionar kroner på serviett.

– Når sjansen byr seg lyt ein ta det ein har. Litt heftig å handtere summar som dette på serviett, men både vi og kunden er godt nøgd, fortel Wangensteen.

Etter ein travel vinter brukte Vang Auto–service mai og juni til å syne seg fram og få nye impulsar. Difor var turen lagt til ei europeisk bilberingsmesse i Kassel i Tyskland.


 – Dette er den største av sitt slag i Europa. Det var eit førtitals norske kjøparar på messa, samt at vi treffer alle leverandørane vi har rundt i Europa, fortel Wangensteen.

Omars frå Italia, Tevor frå Polen,Tijhof frå Holland og Pavelli frå Italia er dei fire fabrikkane Vang Auto–service er importør og norsk representant for.

Størst på bergingsbilar

Til no i år har Vang Auto–service selt 31 bergingsbilar av ulike slag. Held det fram med dette tempoet vert dei landets største forhandlar av bergingsbilar i løpet av året.

– Vi mangla to bilar på å vera marknadsleiar i Noreg i fjor, men i år skal vi klare å verte størst.  Det er jo litt tøft med base her i Vang, seier Wangensteen.

Mange år i marknaden og tett oppfølging av alle sal trur Wangensteen er noko av grunnen til at butikken går godt om dagen. Pluss at verkstaden er smart bemanna.

– Vi har flinke folk på verkstaden som kursar seg ofte og kan reparere alt vi sel. Særleg på ATV, skuter og vannskuter der vi sel over hundre kjøretøy i året, trur eg det er grunnen til at mange vel oss.

Treng folk

Med 39 tilsette har Vang Auto–service vorte ein særs viktig arbeidsplass i Vang og regionen dei siste åra. Med mange jern i elden er det høgaktuelt for bedrifta å rekruttere fleire i tida som kjem.

– Salg tek tid, og med det volumet vi no har på bergingsbilar, ATV, snøskuter og vannskutrar treng vi minst ein ny person på plass ganske snart, fortel Wangensteen.

Tek nye marknader

Gjennom eit normalt år er det om lag 2500 bergingsoppdrag i Vang, Lærdal, Årdal og Hallingdal, noko som framleis gjer bilberging til hovudgesjeft for Vang Auto-service AS.  Men med stadig bedre veger vert det færre bergingsoppdrag. Difor har bedrifta skaffa seg mange bein å stå på.

Ved sidan av bilsal er dei importør for Europa sin største leverandør av bilbergingsutstyr. Pluss at det kjem ein aldri så liten nyheit i løpet av sumaren.

– Vi køyrer i gang med eigne hengarar under merkenamnet «Vangsgutadn» så fort alt det praktiske er klart. Det blir kvalitet frå Vang og vi har sjølvsagt nasjonale ambisjonar for hengarane, avsluttar Wangensteen.