Av: Marte Tangen, september 23
Vang frivilligsentral og Innovangsjon hyller frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar!
Vang økologiske innkjøpslag SA vart etablert i 2015 av ei samling personar som ønska å kjøpe økologiske matvarer og andre produkt, utan å måtte reise lange vegar til helsekostforretningar eller andre spesialbutikkar. Laget har no om lag 50 medlemmar, som handlar varer fire gongar i året frå Norganic, ein grossist på Jæren som leverer økologiske produkt til føretak, bedrifter og institusjonar.
Assortert utval
Dominik Schmidt-Philipp er eit av medlemmane i laget. Han handlar gjennom innkjøpslaget først og fremst på grunn av utvalet.
- Eg brukar jo butikkane også, men her får eg tak i ting ein ikkje får kjøpt i Vang. Og når vi handlar saman så sparer vi jo pengar på frakta, fortel han.
- Medlemmane betaler eit andelsinnskot ved innmelding, og seinare ei lita årsavgift for å kunne handle gjennom innkjøpslaget, fortel leiar i laget, Inger Sørum.
Laget er delt i to grupper, og kvar gruppe har to bestillingsansvarlege. Desse samlar inn lister frå medlemmane i forkant av kvar handlerunde, og overfører listene til nettbutikken. Så blir varene levert utanfor Vangstunet, og medlemmane møter opp og fordeler varane.
- All aktivitet i laget er drifta på frivillig basis, og alle medlemmane må forvente å ta på seg verv før eller seinare. Arbeidet med sortering, registrering og utlevering er dugnadsbasert, og alle må bidra for å få systemet til å fungere, seier Inger.
Ein jobb for organisatorar
Tanaquil Enzensberger er bestillingsansvarleg for ei av gruppene.
- Eg synest det er viktig å spise økologisk mat, og då vil eg gjerne vere med å bidra til at folk får tak i det, fortel ho.
Ho synest det er synd at mange av varane dei får tilgang til gjennom Norganic er importert frå utlandet, men det er også mange norske produkt som ho set stor pris på.
- Eg ønskjer også at det skal vere lønsamt for bønder å produsere økologisk mat, og det bidreg vi til når vi kjøper økologisk, forklarer Tanaquil.
Ho innrømmer at det er litt træl å vere bestillingsansvarleg.
- Vi kunne nok forbetra systemet litt. Men vi blir bedre og bedre! Eg kunne ikkje klart det åleine, Liv og Nils Leine er med i teamet, og saman får vi det til. Det er ein jobb for organisatorar - ein må vere litt strukturert, smiler ho.
Og det kan ein forstå, at det krevst struktur når ein skal halde orden på kven som har bestilt kva og mange av varene kjem i fleire variantar. Cashewnøtter med eller utan salt, 250g eller 500g, nokon må ha tatt feil for no manglar det ei eske. Kven skulle ha 1 dunk med 5 liter olje og kven skulle ha 5 dunkar med 1 liter? Medlemmane verkar å takle kaoset med knusande ro, dei ventar på tur, studerer listene nøye og hjelper kvarandre. Å handle på denne måten gir også eit sosialt fellesskap for gjengen i Vang økologiske innkjøpslag.