Med kraftig utvida butikk og tre nye tilsette på plass held Montér Kvismo opningsfest torsdag-laurdag denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Storsatsing hjå Monter Kvismo

Storsatsing hjå Monter Kvismo

04. oktober 2018

Torsdag-laurdag denne veka er det offisiell nyopning av Montér Kvismo.

– Med tre nye tilsette dette året og god vekst dei siste åra var det naturleg å satse no. Vi har bygd på og modernisert så heile butikken heng meir saman og kvardagen får både kundar og tilsette vert mykje enklare, fortel dagleg leiar ved Montér Kvismo, Kjell Magne Kvale.



Torsdag til laurdag denne veka er det altså opningsfest for nysatsinga. Gode tilbod, fleire leverandører på plass og sjølvsagt både kaffi og servering er av ingrediensane.

– Vi er godt bemanna desse dagane og håper både gamle og nye kunder kjem innom for å sjå på den nye butikken!

Kjøkken og bad

Mykje av poenget med å byggje ut er å få plass til å syne fram til kundane alt dei sel hjå Montér Kvismo.

– Det er oppe skikkelige utstillingar på både bad, kjøkken og mykje anna her no. Vi har solgt alt dette i lang tid, men ikkje hatt høve til å syne det fram på grunn av lite plass og nok gått glipp av ein del sal på grunn av det.

Ellers er det no fargespekter/fargeprøver frå målingsleverandøren på plass, ei ekstra blandemaskin til måling, motorsager frå Jonsred og eigen landbruksavdeling i butikken.

– I desse dagane er også mange av leverandørane våre på plass. Strand unikorn kjem innom for å informere om grovforalternativet dei har utvikla og mellom anna DeWalt er innom med særleg gode tilbod, fortel Kvale.

Utbygginga er støtta med kr. 200 000 frå næringsfondet i Vang men er ellers og i all hovudsak eigenfinansiert av Montér Kvismo.

Nytilsettingar

Tre nye fjes har dukka opp hjå Montér Kvismo det siste halvåret som eit viktig ledd i storsatsinga.

– Nina Neståker og Heidi Lynge Kvale er på plass som serviceinnstilte allroundseljarar, mens Ove Gudbrandsen har hovudansvaret for kjøkken og baderom, samt at han er med på den administrative sida, fortel Kvale.

I sum betyr dette at kunden får kjapp og kompetent hjelp når som helst gjennom dagen.

- I løpet av vinteren får vi også opp ein sjølvbyggardisk/byggeservicedisk som alltid vert bemanna. Hit går alle som driv med eit bygge-eller oppussingsprosjekt og får den hjelpa dei treng. Før jul er vi også i gang med handterminal/scanner som ein tek med ut når ein plukker material, avsluttar Kvale.