023FE3EC DC21 414C A75E 3421372A0774 1 201 A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Storstilt ettårs feiring for Lilly´s

Storstilt ettårs feiring for Lilly´s

10. desember 2021
Lilly´s hud og kroppsterapi ba inn til feiring av salongens ettårsdag denne veka. Med innføring av ulike produkt, lynkurs i hudpleie og makeup, servering og god stemning vart det ein storstilt kveld!

Eitt år er allereie gått sidan Lillian Sparstad (22) starta opp som hudpleier i Vang sentrum, og i rekordfart har både bedrifta og kundelista vokst seg stor. Det var difor på tide å slå på stortromma og feire ettårsdagen! 

Onsdag kveld ba ho inn til feiring i speilsalen på VBU. Her var det lynkurs i hudpleie og ulike produkt, innføring av lett dagsminke, konkurranse med goodiebags og servering av både bobler og kake. 

- Eg er utruleg takksam for alle som er her i kveld og ynskjer å feire ettårsdagen til Lilly´s hud og kroppsterapi. Utan dykk og alle dei fantastiske kundane mine, kunne eg ikkje dreve med det eg likar aller best. Det sett eg så stor pris på, smiler Sparstad. 

Du finn heimesida til Lilly´s hud og kroppsterapi her. 

Skal du bestille deg time før jul er det lurt å vere snøgg i snu´n - no byrjer lista å fylle seg opp! 

Sjå fleire bilete frå kvelden nedanfor.