Fullsizeoutput 15Dc
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Storstilt husflidsdag på Åsvang

Storstilt husflidsdag på Åsvang

11. september 2021
Vang husflidslag arrangerte storstilt husflidsdag på Åsvang i dag. Godt oppmøte, god stemning og over 20 makalause salsboder!

- Me var spent på kor mange som kom til å dukke opp i dag, men me er svært fornøgde! Dagen starta med fantastisk musikk frå Fjellblom musikklag og Vang sanglag. Og med over 20 forskjellige salsboder er det duka for en heidundranes dag, smiler Kari Hagaseth. 

For fyrste gong vart den tradisjonelle husflidsdagen arrangert på Åsvang, med salsbodar både inne i gymsalen og utanfor skulen. Alt frå strikketøy og felleteknikk, til lokalmat og tradisjonsrikt handverk var å finne i dei ulike bodane, samt ei storstilt utstilling av dåpskjoler. 

- Det er vorte ein tradisjon å arrangere husflidsdag, nettopp fordi det er ein utruleg fin arena for dei ulike produsentane å syne fram kva dei lagar, men og fordi det gir innsyn i gamle tradisjonar som er viktige at me bevarer. Då er det ekstra triveleg å sjå at folk kjem og kosar seg, seier Hagaseth. 

Og som om ikkje alle salsbodane var nok, kunne du nede i kafeteriaen få deg ein kaffikopp og mykje godt attåt, på skikkeleg Vangs-vis!