Fjellblom musikklag i lag med Vang skule- og ungdomskorps er vertskap for det som kan krype og gå av korps i Valdres denne helga.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Stort korpstreff i Vang

Stort korpstreff i Vang

07. mai 2019

Korps frå heile Valdres vert samla på Vang barne- og ungdomsskule søndag. 

– Det vert både marsjering, fellesnummer og konsert med alle korps gjennom dagen, fortel Anne Berit Hemsing på vegne av Fjellblom musikklag og Vang skule- og ungdomskorps som saman står bak stemnet.

Dei oppmodar alle som ynskjer det om å koma som publikum denne dagen. Marsjen byrjar elleve og konserten inne Vangshallen klokka tolv.

- Kvart korps får om lag ti minutt speletid kvar og vi har ei pause med sal varmmat, brus, kaffe, vaflar, kaker og meir, fortel Hemsing.

Desse korpsa deltek
  1. Fjellblom musikklag
  2. Valdres Brass Band
  3. Ulnes musikklag
  4. Vestre Slidre skulekorps
  5. Bruflat musikklag
  6. Valdres junior brass band
  7. Vang skule- og ungdomskorps
  8. Bagn og Begnadalen musikkorps
  9. Øystre Slidre musikkorps
  10. Røn musikklag
  11. Aurdal musikk

Velkommen til korpstreff i Vang!