Nyheit

Stortstilt rekruttering i Vang

  Nyheitsarkiv
19. jul 2016
Kunne du tenke deg arbeid i fjellkommunen Vang!? Tolv ledige stllingar no. Foto: Eirik Høyme Rogn
Tolv ledige jobbar

Har du helseutdanning eller økonomihovud er sjansane store for at du finn arbeid i Vang no.

Totalt tolv stillingar er ledige på same tid. Fyrst og fremst er det helse og økonomi, men her er også andre inngangar til arbeidslivet i Vang. 

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, om lag 1630 innbyggarar og nesten like mange hytter.

Her får alle barnehageplass umiddelbart og hausten 2016 er nye Vang barne- og ungdomsskule ferdig. Vang har då eit topp moderne skulebygg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med ein kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no