Kvar tysdag kjem ei drosje frå Vang mottakssenter til strikkekafeen på Haukåsen. Saman utvekslar «gamlegjengen» og dei nye teknikkar samstundes som dei småpratar, drikk kaffi  og et godt.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Strikkeintegrering på Hauksåen

Strikkeintegrering på Hauksåen

17. januar 2019

Det brenn friskt i omnen og latteren sit laust rundt langborda på Haukåsen. Ute snør det store filler og vegen er glatt, men det har ikkje stoppa dei 25 damene som denne tysdagen sit fordjupa i kvar sine strikketøy, heklepinnar eller tøystykker.

- Det er om lag 12-15 av oss frå den faste gamle gjengen, og så er det 10-12 frå mottaket. Vi sit sånn omtrent annankvar, sånn at dei får snakka norsk, det er jo litt av poenget. Og så har eg laga namnelappar til alle saman, så vi prøver å lære namna til kvarandre, fortel primus motor for strikkekafeen, Sølvi Havro.