DDACF268 D69B 47E1 8D2F 28A5D8438EB0
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Suksess for Vang sitt fyrste Frivilligmarknad

Suksess for Vang sitt fyrste Frivilligmarknad

08. mai 2022
Vang sitt aller fyrste Frivilligmarknad vart ein suksess og ein stor festdag for frivilligheita i bygda vår!

Det var stor stas og god stemning då Vang sitt aller fyrste Frivilligmarknad vart arrangert i Vangshallen i frivilligheitsåret 2022!

Ingen ringere enn vår kjære ordførar Vidar Eltun starta showet denne dagen. Han holdt opningstale om viktigheta av dei frivillige som alltid stiller opp og gjer av si eiga fritid, for å berike alle andres. Det var ein stolt ordførar som applauderte og hylla innsatsen dei frivillige i Vang gjer. Og etter endt opningstale, passa vel ingenting betre enn at han tok frivillighatt og forkle på - og hjalp damene på kjøkkenet med både servering og traktering!

Og så, var brått dagen i gang! Skulekorpset og kulturskulen heldt fyrste innslag, og satte verkeleg stemninga for dagen. Deretter var det duka for folket å ta runden rundt i både hallen og foajeen for å titte på dei ulike standsa og slå av ein etterlengta prat. Både vangsgjeldingar og tilflyttarar fikk nok augene opp for at det finst fleir aktivitetstilbod enn ein visste om, og mange fikk nyttig informasjon om korleis ein kan bli med på aktivitetane. For enkelte av laga var det også nyttig å etablere kontakt med både flyktningane og dei tilsette på akuttmottaket, og fleire fikk lagt planar for å få både ungar og vaksne ut i aktivitet.

Innimellom all prating og titting var det to bolker med underhaldning. Både Gla´dansen, Fjellblom musikklag, Høre mannskor og Vangskoret stod for å berike dagen med herlige innslag. Det var difor eit svært så levande marknad i Vangshallen denne dagen!

På ekte Vangsvis var det sjølvsagt traktering av ypperste klasse. Dei gode hjelparane i kiosken baud på lunsjmat frå Syndinstoga, kringle frå Sara´s mat, gulrotkake frå Tyinkrysset fjellstue, og frukt sponsa av alle matbutikkane i Vang.

Arbeidsgruppa Inkluderande Frivilligheit ynskjer å takke alle lag og foreningar som stilte opp denne dagen, alle våre frivillige som hjalp til, matleverandører og sponsorar av frukt, samt alle dykk som tok turen denne dagen. Tilbakemeldingane frå laga tilseier at dette bør bli ein fast tradisjon, kanskje annankvart år. Me gler oss til å sjå dykk att neste gong! Og me gler oss til å jobbe vidare med dei andre tiltaka i prosjektet for å synleggjere frivilligheita og aktivitetane i Vang enno meir.

 

Sjå fleire bileter frå Frivilligmarknaden i Vangshallen lengre ned på sida.