53062051953 A0bcb15a7d K
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Suksess for Vinjerock 2023!

Suksess for Vinjerock 2023!

05. oktober 2023
Vinjerock 2023 er historie og festivalsjef Guro Furunes Pettersen kan sjå tilbake på ein særdeles vellykka festival på Eidsbugarden.

- Det var heilt magisk og fantastisk moro! Å lage festival med dyktige folk er det beste eg veit, smiler festivalsjef Guro Furnes Pettersen. 

For fyrste gong var det Furunes Pettersen sjølv som styrte skuta trygt igjennom festivalhelga inne på Eidsbugarden - med stødig hand. Ho kan sjå tilbake på eit nokså knirkefritt arrangement.

- Vi hadde en veldig bra helg og det aller meste gjekk etter planen. Kun nokre små ting som dukka opp undervegs, men slik er det jo å lage festival. Med god planlegging i forkant er ein alltid betre rusta for uforutsette hendingar undervegs, smiler Furunes Pettersen. 

- Eg hadde kun ein time med total panikk, der det gjekk opp for meg at eg var ansvarleg for heile festivalen. Men så varte det berre den timen heldigvis. Det var eit kort og godt samanbrot, ler ho.  

 

Vant høgthengande pris 

Medan Vinje-Pride gikk av stabelen og eit folkehav samla seg for å hedre kjærleiken høgt til fjells, fekk også Vinjerock sjølv ein triveleg overrasking. Folket hadde talt og stemt - Vinjerock vant prisen for årets festivalarrangør 2022! 

- Det var utruleg stas og rørande. Og ekstra stas var det at utdelinga forgikk medan me prisa kjærleik, mangfald og samhald under Vinje-pride. For ein riktig plass å få ein slik pris, seier Furunes Pettersen. 

- Eg var allerede sterkt beveget av heile settinga, og då i tillegg få utdelt pris var veldig rørande. Då tenkte eg berre ¨jepp, no blir grining¨, ler ho. 

Furunes Pettersen fortel at det var litt av ein motivasjonsboost og anerkjennelse å få tildelt prisen, og at det var god stemning i staben etter utdelinga. 

- Aller helst kunne eg jo ønske at alle berre kunne vera med å feire saman med oss, spesielt også Sigrid som faktisk var festivalsjef i fjor. Men, me skal ta att feiringa av prisen på årets julebord, ler ho. 

Verdt å merke seg er at dette faktisk var tredje gong Vinjerock vinn årets festivalarrangør. 

 

- Fellesskapet i Vinjerock er det viktigaste 

Kvart år samlar Vinjerock rundt 750 engasjerte, frivillige for å lage festival på Eidsbugarden. Desse er livsviktige for at festivalen i det heile tatt skal kunne arrangerast. 

- Den dedikasjonen og engasjementet dei frivillige viser, er heilt unikt, seier Furunes Pettersen. 

Ho sluttar aldri å la seg imponere over at folk frå alle kantar av landet kjem til fjells, ens ærend for å lage festival og ha det artig. Og mange av dei kjem år etter år! 

- Dei frivillige er utruleg viktig for Vinjerock, utan dei ville det jo ikkje blitt festival! I tillegg er det kult at fleire kjem att år etter år, det må jo nesten bety at dei har det fint, smiler Furunes Pettersen. 

- Fellesskapet står sterkt i Vinjerock, og det er også hovedgrunnen til at eg elskar å jobbe i Vinjerock, legg ho lurt til. 

Ho nevner også støtte og felleskap frå alt til samarbeidspartnarar til bygdefolket. Ho opplev at folk oppriktig er engasjert i at Vinjerock skal bli så bra som mogleg. 

- Ein merkar kor mange ein har i ryggen, og det er ein skikkeleg fin følelse. Me får masse støtte og det er så mange som vil dra lasset saman med oss. For ein luksus, smiler Furunes Pettersen. 

- No gler me oss allereie til å lage fest i fjellheimen neste år, ler ho.