Desse jentene stortrives med å vera superressurs i Høre og Fredheim barnehage! Frå venstre:  Amanda, Elise, Malak, Mia, Elise Vendil, Frøya, Karoline og Ylva.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Supre ressursar i barnehagane

Supre ressursar i barnehagane

14. desember 2023
Seksten unge, engasjerte og lærevillige ungdom er med i Vang kommune sitt nye prosjekt for langsiktig rekruttering barnehagen; Superressurs!

- Me lyste eigentleg ut kun fire stillingar, men responsen var jo over all forventning, smiler Yvonne Mæland, rådgjevar, utdanning og kultur. 

For då stillingane som superressurs i barnehagane vart lyst ut, var det intet mindre enn 16 søkjarar på lista! Alle som søkte måtte gjennom vanleg søknadsprosess der dei både måtte sende inn CV, søknad, søke om politiattest og komme inn til jobbintervju. 

- Det var eit ynskje at alle ungdommane skulle få erfaring med å søkje jobb, og då gjennomgå heile prosessen det kan medføre. Alt frå å skrive litt om seg sjølv, kvifor ein ynskjer jobben til å søke politiattest og å delta på intervju. Når me var ferdig med alle intervjua, valde me å fordele dei fire stillingane på alle 16 ungdommane. Dei var rett og slett super-kvalifisert heile gjengen, seier Mæland. 

 

Nyttig arbeidserfaring 

For dei 16 ungdommane dette nyttig arbeidserfaring og ein smakebit på korleis livet som ansatt i barnehagen er. Å velje retning i livet allereie som 15 åring er ikkje lett - difor er Superressurs ein unik moglegheit til å prøvekjøre yrkesvegen!

- I fyrste omgang har superressursane arbeida i ferier, men etter nyttår er det mogleg for dei å bli tilkallingsvikarer og ta vakter på ettermiddagen om dei vil det, fortel Mæland. 

- Dei er jo ansatt på lik linje som alle andre og får lønn for arbeidet sitt, må møte presis, overhalde taushetsplikten sin og ta jobben på alvor, legg ho til. 

Før dei 16 ungdommane byrja i jobben, hadde dei ein opplæringskveld der dei lærte om det å jobbe i barnehage, korleis taushetsplikt fungerer, førstehjelp og kva som er viktig å hugse på i arbeidslivet. 

- For kommunen sin del er det jo også eit litt meir langsiktig perspektiv på dette prosjektet. Me ynskjer jo å rekruttere fleire flinke folk inn i barnehage-yrket, og har difor tru på at det er viktig å la ungdommen slippe til tidlig. Kanskje er nokre av desse framtidas barnehagetilsette, smiler Mæland. 

 

Spennande moglegheit 

Alle superressursane er fordelt på dei to barnehagene i Vang; Høre og Fredheim. Ylva, som eir ein av superressursane seier det er ein spennande moglegheit til å teste å arbeide i barnehage. 

- Eg er glad i barn og synes det var spennande å få prøve å jobbe i barnehage. Det er ein veldig triveleg jobb, og ein blir godt kjent med både barna og kollegaene sine, seier Ylva. 

- Også blir ein litt meir sliten enn eg trudde, det er høgt energinivå på så små barn, ler ho. 

Mia fortel at dei stort sett har ansvar for å leike med barna og passe på at dei har det bra i barnehagen. 

- I starten var barna litt sjenerte, men dei vart veldig fort tillitsfulle. Det er veldig koselig når dei kjenner oss att og kjem bort for ein klem, smiler ho. 

- Det er mykje å passe på og det er litt uvant med så mykje ansvar, men det er veldig fint å lære seg og få erfaring frå arbeidslivet, legg ho til. 

 

Det vil bli nye moglegheiter til å søke seg som superressurs til våren, då vil det bli lyst ut nye stillingar!