sykkelmekking collage (1).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sykkelmekking og elsykkel-testing

Sykkelmekking og elsykkel-testing

16. mai 2019

Slitne bremser? Rustent kjede? Hol i slangen? Eller nysgjerrig på elsykkel?

Tysdag 21. mai frå kl 12 til 14 får du hjelp til å sette sykkelen i stand for våren, utanfor Vangstunet. Frivillige mekkekyndige + representantar frå Intersport Filefjell stiller opp med stativ, smøreolje og strammeverktøy. Treng du kjøpe delar så gi gjerne beskjed i forkant, så tar dei med dette også. I tillegg kjem det frivillige elsyklistar og låner bort elsykkelen sin så du kan prøve!

Og har du ein sykkel til overs? Ja då kan du ta den med og gi den bort, eller selje den for ein billig penge – vi veit fleir som er interessert i dette.

Arrangementet er i regi av Vang frivilligsentral, Vang mottakssenter og Intersport Filefjell.