Leif Øyvind Solemsli hjå Intersport Filefjell leiger ut syklar - Jan Geir Solheim som styrer Kongevegbussen syter for å frakte dei.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sykkelutleige i sommar

Sykkelutleige i sommar

30. juni 2020

Intersport Filefjell satsar på sykkelutleige i sommar.

– Vi har ti terrengsyklar og seks el-syklar i utleiga denne sommaren. Her kan folk også leige sykkelstativ og barnehengar, fortel dagleg leiar Leif Øyvind Solemsli ved Intersport Filefjell

Der er det også gratis lading av el-sykler, matbutikk i nabobygget og tett med sykkelopplevingar i nærområdet. 

– Alle butikkane i Fjellkjeden som vi er ein del av har sykkelutleige, så det er gode moglegheiter for å oppdage Vang, Jotunheimen, Mjølkevegen og Kongevegen over Filefjell og Valdres frå sykkelsetet i år.

Frå onsdag 1. juli byrjrar også kongevegbussen å gå - den frakter gjerne syklar på bestilling med eigen sykkelhengar. 

Også på Bøflaten camping og på Rogn camping er det utleige av el-syklar denne sommaren. 

Stølsvegane og høgfjellsvegar kombinert med MB Bitihorn gjev fleire flotte rundturar i høgfjellet. Samstundes som mykje god sti er underhaldning for mange.