17664EE3 56A2 48BA B3F7 BC14A755AD30
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Synnøve startar Valdres Dyreklinikk

Synnøve startar Valdres Dyreklinikk

19. mai 2022
Synnøve Thune har flytta heim til Vang etter mange år som dyrlege i Nittedal. No satsar ho sjølv og startar opp Valdres Dyreklinikk.

- Det er stas og veldig spennande. Oppstarten har vore veldig bra og eg har møtt mykje positivitet blant folk i bygda, smiler Synnøve Thune ved Valdres Dyreklinikk. 

Det er berre nokre veker sida ho starta opp klinikken som lenge har vore ein draum. Heime på garden har ho pussa opp eit lite hus midt på tunet, møblert med toppmoderne utstyr og alle moglegheiter ein dyrlege måtte trenge å ha tilgjengeleg. 

- Det har tatt litt tid å få alt i stand, men no byrjer eg å koma på plass. Heldigvis har eg fått god hjelp av både far min og sambuaren, samt fleire lokale handverkarar her i bygda. No er det meste klappet og klart, smiler Thune.

 

Vil gje eit heilheitleg tilbod 

I tillegg til å jobbe fleire år på smådyrklinikken i Nittedal, har Synnøve i mange år jobba inn i ei turnusordning i Vang. Her har ho hatt både vakter ute i bygda, men og tatt imot pasienter på garden. 

- Det var vel kanskje her tanken om å starte opp noko sjølv vart til. Eg tok imot mange pasienter her på garden, men fleire gonger måtte eg sende dei vidare fordi eg ikkje hadde nok utstyr, noko eg sjølvsagt synes var veldig leit. Eg sakna å kunne stille meir nøyaktige diagnoser og få hjelpe pasientane ordentleg, seier Thune. 

Difor ynskjer no Synnøve med Valdres Dyreklinikk å kunne gje bygdefolk og hyttefolk eit godt, heilheitleg og nært dyrlegetilbod. Klinikken er utstyrt med det meste av verktøy og ho har moglegheit til alt frå røntgen i AD og HD, til ultralyd, blodanalyser og større operasjoner. Ja, til og med peis har ho! 

- Eg ynskjer at folk som kjem hit med kjæledyra sine skal føle seg varmt velkomne og trygge, og at det skal vera ein lun og god stemning her. Ofte kjem folk til dyrlegen i svært sårbare situasjoner, seier Thune. 

Synnøve fortel at ein av tinga ho ser fram til med å starte Valdres Dyreklinikk, er å ha betre tid til pasientane.

- Ein av dei store fordelane med å starte opp for seg sjølv og jobbe i litt mindre skala enn på ein stor klinikk, er betre tid til kvar enkelt pasient, smiler Thune. 

- På sikt blir ein jo veldig godt kjent med både kjæledyr og eigarar, og eg ser fram til å kunne følgje opp pasientane over tid, legg ho til. 

 

Landa stødig i Vang

Synnøve er opprinneleg frå Vang, men har i mange år budd utandbygds i forbindelse med både studier og arbeid. Heile tida har ho kjent på ein dragning heim til Vang, og nærleiken til naturen. 

- Eg har heile tida visst at eg ville tilbake til Vang. I tillegg er både eg og sambuaren svært glad i å jakte, så det å ha naturen i bakgården er jo heilt luksus, ler Thune.  

Og med tre ivrige fuglehundar i hus, blir det difor mykje turar i skog og mark, både sommerstid og vinterstid. 

- Når ein er frå Vang så blir ein jo veldig vant til å ha både snø, fjell og vakker natur i nærleiken. Det er difor ekstra deilig å koma tilbake og me gler oss fortsettelsen, seier ho.Me

Men i fyrste omgang er det mykje fokus på dyreklinikken og få alt heilt ferdig!

- Det meste er på plass her no, det er kun litt småtteri som gjenstår. Klinikken vil vera døgnopen så lenge eg er heime, så folk må ikkje vera redde for å slå på tråden, smiler Thune.

 

Du finn heimesida til Valdres Dyreklinikk i denne lenka. 

  

Sjå fleire bileter frå Valdres Dyreklinikk lenger ned på sida.