Ordførar Vidar Eltun var auksjonarius. Ungane synte fram det som skulle seljast.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Syriasuksess

Syriasuksess i Ryfoss

22. oktober 2015

26.267 blanke kroner vart samla inn under Ryfoss barnehage sin innsamlingsaksjon for barn på flukt frå Syria laurdag.

– Med god hjelp frå lokale bedrifter, foreldre, personale i Ryfoss barnehage, samt Bettina Skofteby og hestene Aceto og Hiawatha, klarte vi å samle inn 26.267 kr. Alt går til Redd Barna sitt arbeid for syriske flyktningbarn, fortel ein godt nøgd Heidi Lynge Kvale, pedagogisk leiar i Ryfoss barnehage.

Oppegåande ungar

Ungane i barnehagen har vore med på alle deler av innsamlinga, og Lynge Kvale kan fortelle om gode innspel heile vegen.

– Barna har delteke i heile prosessen og vi har hatt mange gode samtalar i barnehagen rundt det å vera flyktning. Det er heilt fantastiske, oppegåande ungar her i Ryfoss, som har stilt mange gode spørsmål under arbeidet.

Mange å takke

Etter suksessarrangementet på laurdag er det mange som fortener eit klapp på skuldra. Barna, dei tilsette, foreldre og lokalt næringsliv har alle vore på banen

– Fyrst og fremst ynskjer vi å takke foreldre og barn var med på arrangementet laurdag og sytte for både underhaldning og kaker. Næringsliv, kommune, ordføraren og alle som møtte opp og brukte pengar fortener også ein takk.

Berre på auksjonen av ting gjett av lokale bedrifter, kom det inn 9800 kroner. Nokre bidrog også med reine kroner.

  • Vang Sparebank donerte 2000 kr
  • Vang Kommune donerte 3000 kr
  • Cathrine Dokken donerte 1000 kr
  • Ryfoss Taxi donerte 300 kr

Resten av pengane fekk barnehagen inn på kaffe- og kakesal, sal av lyslyktar, måleri og armband laget av barna i Ryfoss Barnehage. Det var også ponniridning, ansiktsmåling, loddsal, gjettekonkurranse og matsal frå Saras kafe.

– Vi ønsket med heile aksjonen å syne barna, at vi kan gjera ein forskjell sjølv om vi er ein liten barnehage. Vi ville lærer om nestekjærliek, solidaritet, toleranse og respekt, som er grunnleggjande verdiar i barnehagen, og vise at ikkje alle har det like bra som vi har det i Vang. Det syns vi sjølv at vi har oppnådd og vi er utruleg stolte av det vi har fått til, avsluttar Kvale.