IMG 20190614 104053
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Takstigekrav for fritidsbustad

Takstigekrav for fritidsbustad

18. mai 2020

Anten du vil montere sjølv eller sette fagfolk på jobben har du mange å velje mellom lokalt for å møte takstigekravet for fritidsbustad.

I 2019 var fyrste året Vang kommune gjennomførte feiing av piper på støl og fritidsbustad i Vang, og ein såg fort at det er mange som ikkje har fått på plass takstige. 

- Dette er ein smal sak å handle og få montert av lokale aktørar og ikkje noko ein treng å få langvegsfarande kremmarar til å fikse, seier Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon.

Med opp mot 2000 fritidsbustader i Vang er dette ein marknad som spelar ei rolle for sysselsetting og aktivitetsnivå.

Fikse takstige sjølv

Har du kunnskapen og erfaring for å fikse montering av takstige sjølv leverer både Monter Kvismo og Øye Bygg og bo takstige i løpet av få dagar. 

Takstigen kan hentast ved butikk eller leverast hjå kundar i heile Vang og Valdres etter avtale.

Fagfolk til jobben

Ein takstige skal som ein regel vera festa i sjølve tak-konstruksjonen og det er ikkje alle som er komfortable med å gjera denne jobben sjølv. 

Bli kontakta om takstige
 eller andre jobbar

Legg inn jobben her og bli kontakta om jobben av lokale aktørar i Vang.