8592AE7E 365B 4B1D 87D2 D710D659E328
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Taktikk og spenning med Vang Bridgelag

Taktikk og spenning med Vang Bridgelag

25. oktober 2022
Litt taktikk, litt teknikk. Meldesystem, blindemann og gode kontrakter. Dette er spenning i kvardagen med Vang Bridgelag!

SKREVET AV: Ida Nordland Hillestad, Innovangsjon. 

2022 er frivillighetens år! Vang frivilligsentral og Innovangsjon vil difor gjennom heile året hylle frivilligheita i bygda ved å presentere alle lag og foreiningar.

- Ser det vanskeleg ut? Det er eigentleg ikkje det. Når ein lærer seg systemet, så er det ganske lett og veldig morosamt, smiler Ottar Jægersborg, kontaktperson i Vang Bridgelag.

Kvar tysdag kl.19.00 møtast ein fast gjeng for spelekveld på Lund. For uinnvigde kan det kanskje sjå noko uforståeleg ut, men når ein har knekt koden, kan ein verkeleg ha det artig saman med dei andre.

- Det er veldig sosialt å møtast på denne måten. Det som er veldig fint når ein kjem hit for å spele, er at alt anna blir att utanfor. Ein går inn i si eiga boble og tenkjer ikkje på noko anna, fordi ein blir så fokusert, seier Jægersborg.


- Bridge er for alle som likar kortspel

Ikkje berre er bridge sosialt og artig, men det er også god trim for hovudet. Du må vera fokusert og halde tunga rett i munnen for å både lese kort, og spele godt med partnaren din.

Bridge er eit kortspel for fire spelarar, der to og to spelar som par. Bridge består av to fasar; ein meldesekvens og sjølve spelet.

- Det krev ikkje noko forkunnskap for å bli med å spele bridge, anna enn at du er glad i kortspel. Mange kan whist eller amerikanar, då er neste steget bridge, seier Jægersborg. 

- Bridge passar for alle, uansett alder. Det er jo det som gjer det litt artig og, at ein på tvers av alder og generasjon kan møtast i same spel og ha det skikkeleg artig i lag. I bridge spelar ein saman i faste par. Nokon har eit enkelt meldesystem, andre eit meir avansert meldesystem, men ei sams forståing gjer at ein spelar betre saman! Det har ofte noko med erfaring å gjere kor avansert du og makkeren melder, fortel Jægersborg.

 

-Spenning i spelet

Vanlegvis er det 12-16 medlemmar som møtast for å spele saman på Lund. Felles for dei alle er at dei søkjer spenning i kvardagen, gjennom godt og taktisk kortspel.

- Det som gjer bridge litt ekstra artig, er at du aldri veit korleis kvelden blir resultatmessig. Ein kveld vinn du, og den andre tapar du. Ein har aldri nokon garanti, og det gjer jo spelet litt meir spennande, seier Jægersborg.

- Nokre gongar spelar eg og medspelaren min som gudar, andre gonger har vi mest lyst til å kaste korta på kvarandre. Det er jo sjarmen i det, ler han.

Jægersborg fortel at dei i tillegg til kortspel, har mykje fokus på det sosiale og at det skal vera ein god møteplass for folk i bygda.

- Vi spelar totalt i fire timar, men vi har og ei god kaffipause, med litt å bite i. Det er ein viktig del av det sosiale å ha denne pausa og få prate saman.

 

Ynskjer fleire spelarar

Sjølv om bridge allereie engasjerer ein god del, er alle likevel samde om at det er plass til fleire ivrige kortspelarar rundt borda på Lund, også litt yngre spelarar!

- Me har alltid plass til fleire i Vang Bridgelag, jo fleire me er - jo artigare er det! Så hadde det jo vore knall om fleire yngre kasta seg med for å spele, seier Jægersborg.

- Så har me moglegheit til å arrangere kurs for dei som er nye, om det er eit ynskje. Det skal ikkje mange nye til, før enn vi kan arrangere kurs, seier han.

Han fortel at Vang Bridgelag ikkje har medlemskontingent, dessutan sponsar klubben noko til julebord og sesongavslutninga. Med andre ord, bridge er ingen dyr hobby.

- Det er ein triveleg gjeng i Vang Bridgelag, så er du litt nysgjerrig på bridge, eller har lyst til å teste ut spelet? Kom og bli med oss ein kveld, seier Jægersborg.

 

 

Sjå fleire bileter frå Vang Bridgeklubb nedanfor.