Tone Lajord, Kjell Anders Haugen i Vang bonde- og småbrukarlag og Wenche Søndrol frå landbrukskonteret i Vang oppmodar alle om å ta ei plastrydderunde no.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tek tak i plastproblemet

Tek tak i plastproblemet

15. mai 2018

Mange gode krefter står saman for at mest mogleg plast skal ryddast og leverast i Vang denne våren.

– Det er flaut dei plassane ein ser plast i alle formar liggje og slengje. Mottoet no er at om alle gjer litt, vert vi plasten kvitt, fortel Tone Lajord.

Ho har engasjert seg i kampen mot plasten, samstundes som både faglag og landbrukskontor er tett på ballen for at mest mogleg plast skal ryddast før det vert for frodig.



– Landbruk og turisme er to viktige næringar i Vang og ingen av desse er tent med plast i naturen eller inn i avlinga. Difor er det naturleg at vi engasjerer oss i dette, seier Wenche Søndrol på landbrukskontoret i Vang.

Bøndene er ein nøkkel

Rundballeplasten vert ofte trekt fram som den store plast-syndaren. Her er mange bønder særs bevisste og både samlar saman og leverer etter forskriftene.

– Dei store haugane med plast vert snart henta og det er nok ikkje den største syndaren. Det er dei små bitane som fort festar seg under traktorhjulet og dett av som i mange tilfelle er det største problemet, seier Kjell Anders Haugen i Vang bonde og småbrukarlag.

Før helga sendte dei, saman med Vang bondelag og landbrukskontoret i Vang ut ei påminning til alle bønder om å sjå over gjerding og rydde plast.

– Innmelding for henting går til Valdres kommunale renovasjon telefonnummer 613 63 866. Dette er gratis og krev berre at plast og nett er sortert kvar for seg, fortel Søndrol på landbrukskontoret i Vang.

Frist for innmelding er 22. mai og dei håpar og trur bønder i Vang gjer heimeleksa si med rundballeplasten no.

Mykje er rydda

Samstundes som dei fleste er flinke med sitt eige plastsøppel er det lang tradisjon for å rydde både langs E-16 og langs Vangsmjøse no på våren. Også barnehagane i Vang har vore ute og rydda plast i nærmiljøet. 



– Strandlinja langs Vangsmjøse vart rydda av FK Vang på oppdrag frå Vangsmjøsa fiskeforeining no før vatnet gjekk opp. Det er dessverre berre E-16 som har organisert rydding av vegane, så resten av vegnettet er opp til oss, fortel Lajord.

Trenden med plogging (at ein plukkar med seg plast på joggetur) eller at ein samlar seg til uformelle ryddedugnadar er løysingar som også kan fungere i Vang.

– Hovudpoenget er at folk får inn i ryggmergen å ta med seg plast eller anna søppel som ligg plassar det ikkje skal liggje. Då kan Vang framstå som den perla det verkeleg er og vi gjer både naturen, miljøet og husdyra ei teneste, avsluttar Lajord.