Coop Prix Fjellvang sel ut bakevarer, grønt og andre varer som nærmar seg dato kvar kveld mellom 20:30 og 20:50 via eigen app.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tek tak mot matsvinn

Tek tak mot matsvinn

06. november 2020

Det splitter nye tilbodet om kjøp av ferskvarer til reduserte prisar på tampen av opningstida har slått godt an i Vang.

– Målet er alltid å kaste minst mogleg mat, men svinn er svært vanskeleg å unngå. Det kan gå varer for ti tusen i containeren i løpet av ei veke og det er heilt forferdeleg, fortel butikksjef ved Coop Prix Fjellvang, Anine Rauken Kattevold. 

Matsvinn engasjerer både ho, kollegane ved butikken og bransjen generelt om dagen. Difor har innførte dei denne veka eit heilt nytt konsept i kampen mot svinnet.

- Konseptet er veldig greit. Vi sel posar med eit variert utval varer til ein verdi av 120-150 kroner for 39 rett før stengetid kvar kveld.

Fyrste dagen vart alle posane med varer selt, og interessa har helde seg oppe gjennom veka. 

Enkelt opplegg

Betaling og bestilling skjer via eigen app, mens posen kan plukkast opp mellom 20.30 og 20.50 kvar kveld. Her er oppskrifta for deg som vil teste.

  • Last ned og registrere deg i appen ToogoodToogo.
  • Gå inn og kjøp posen før kvart over åtte på kvelden. Salet for dagen opnar ved midnatt.
  • Hent posen på Coop Prix Fjellvang mellom 20.30 og 20.50. Du syner fram appen med registrert betaling og får utlevert posen.

Ved starten er det fem posar kvar dag og fyrstemann til mølla som gjeld.

Varer av god kvalitet


Både brød, andre bakevarer, frukt, grønsaker, kjølevarer og tørrvarer kan vera av det du får i 
posen. 



– Ein banan med den fyrste svarte prikken eller ein paprika med ein mjuk flekk er framleis bra varer. Det same gjeld daggammalt brød eller kjølevarar som nærmar seg utløpsdato, seier Kattevold. 

Samstundes som dei innfører posesalget via app, set dei gang med detaljsporing av utløpsdato på alle matvarer. 

- Vi er i gang med å digitalisere dette og målet er å ligge i framkant her og prise ned det som nærmar seg utløpsdato. Nokre gleppar kan det sjølvsagt bli, men i sum bør desse to grepa gjere ein forskjell for matsvinnet ved butikken.