Frivilligsentralen tek turen ut av biblioteket for fleire arrangement dette halvåret.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tett program på bibliotek og frivilligsentral

Tett program på bibliotek og frivilligsentral

03. september 2020

Med smittevernreglar og nye plassrestriksjonar inviterer Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentra igjen til ei rekke arrangement og aktivitetar.

– I haust kan det bli fullt på enkelte arrangement, så vil du sikre deg plass kan det vere lurt å melde seg på på førehand. Vi fører deltakarlister på alle samlingar, og er det plass kan du møte opp i døra, fortel Marte Tangen, leiar av Vang frivlligsentral. 

Hausten startar med ei utandørs vandreforestilling i høve avslutninga av årets sommarles. Meir moro for ungane blir det også i haustferien, med eit kunst-og forteljarverkstad.

- Det blir tre litterære kveldar på seinhausten. Då får vi besøk av forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold, litteraturformidlarar frå fylkesbiblioteket kjem med sine Lesegleder, og det blir tradisjonsrik bokkveld med utdeling av positivprisen, fortel Tangen.

Kjende fjes

Julie Forchhammer kuraterer to kveldar i haust.

– Det vert ei samtale med kokebokforfattar Mia Frogner, forleggjar Lennart Krohn-Hansen, Nationen-journalist (og nyslått Valdresen-redaktør) Hilde Lysengen Havro og lokale matprodusentar, samt ein samtale og minikonsert med artist, forfattar og aktivist Moddi. 

Valdres sopp- og nyttevekstforening inviterer til sopptur og soppkontroll, og Valdresmusea byr på kurs i søknadsskriving for restaureringstiltak. I samarbeid med Innovangsjon inviterer frivilligsentralen til ‘pøbbprat og problemløysing’ på Mjøsvang kafé med tittelen Kva vil du med Vang.

Nye og faste møteplassar

- Vi er allereie i gong med vår nye møteplass Niste med noko attåt kvar måndag kl 11.30, og norsktimen med Elisabeth Sparstad onsdagar kl 12. Neste veke startar lekseklubben opp igjen, på tysdagar kl 15.30, fortel Tangen,

Samstudes er lesesirkelen er aktiv og lanserer sine datoar frå møte til møte.

Og så snart vi er klare så lovar vi ei heidundrande opning av BUA Vang! Følg med følg med – og velkomen til oss, avsluttar Tangen.