21. desember (4 of 8).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tilskuddskurs på torsdag

Tilskuddskurs på torsdag

06. oktober 2015

Torsdag 8. oktober blir det tilskuddskurs på Vang folkebibliotek klokka 19:00. Kommunen har inngått avtale med tilskuddsportalen.no, eit flott verktøy for å manøvrere seg gjennom jungelen av tilskudd som finst der ute.

- Portalen blir tilgjengeleg for alle frivillige lag i kommunen, gratis. Dette er eit flott tilbod frå kommunen, og mange lag har entusiastisk meldt seg på, melder Marte Tangen på frivilligsentralen, som har tatt initiativ til avtalen saman med Innovangsjon.

Interessert i å vera med? Meld deg på til frivilligsentralen@vang.kommune.no no! 

Lokalt næringsliv og kommunalt tilsette vil også kunne bruke portalen til å søke midlar og samkøyre prosjekt. I fyrste omgang vert det opplæring med kommunalt tilsette og næringsutvklar i Innovangsjon. Rådmannen har valgt ut enkelte frå kvar etat som skal ha ansvar for oppfølging. Andre kommunalt tilsette som er interessert er også velkomne på kveldskurset.

- For både næringsliv og kommunen er dette ein fantastisk mogelegheit for å få midlar til gode prosjekt, seier næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.

Han vil vere behjelpeleg i søknadsprosessar for næringsliv og kommune, medan frivilligsentralen stiller opp for frivillige lag og organisasjoner.