Guro Dalåker opnar Tindulf hyttebutikk fredag klokka 12:00.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tindulfopning

Tindulf hyttebutikk opnar fredag

11. mai 2016

Guro Dalåker opnar «Tindulf hyttebutikk» i Vang sentrum fredag klokka 12. Alt frå varmepumper og lysarmatur til designstolar, pyntegjenstandar og utedo kan du no handle lokalt.

– Det har vore ein draum lenge å gjera noko meir ut av interiørinteressa, så det er stor stas å opne butikk i tett samarbeid med resten av familien, seier Dalåker.

Innspurt mot fredag

Det er altså gamle Coop-bygget i sentrum av Vang som har fått ei grundig oppussing både innvendig og utvendig. Her driv Guro interiørbutikken Tindulf, mens Elekstrisk Installasjon har ein stor elektrobutikk, samt kontor og lager. Til saman vert det ein hyttebutikk som dekker alle behov for hyttefolket.

Fredag 12:00 vert det opning med servering og sjølvsagt nokre gode opningstilbod. Mellom anna vert det kampanje på varmepumper frå Toshiba og vaser frå Magnor glassverk.

– Vi skal nok akkurat rekke å vera klare til opninga. Alt av varer har ikkje kome til fredag, men då har vi fleire nyheiter på lager dei kommande vekene, fortel Dalåker.

Lokalt preg

Tindulf byr på leverandørar som Magnor glassverk, Nordal, Trend design, Cozy room, Lama, Haugen treindustri, Sunwind og Toshiba side om side med lokale produkt.

– Vi samarbeider med Skjefte gard og sel saueskinna derifrå. Rune Hammerstad syner fram ferske bilete frå Vang i butikken, samstundes som vi har diverse trevarer med Hammerstad–motiv til sals i butikken, fortel Dalåker.

Om det er andre produsentar av handverk i Vang som kunne passa inn i vareutvalet til butikken, er det berre å kontakte Guro.

– Her finn ein alt som trengs til hytta, men det er også eit poeng for vangsgjeldingen at her er små og store gåver, og generelt mykje fint til hus og heim, seier Dalåker.

Ho er også tydeleg på at her er marknaden som bestemmer utvalet i butikken, og ho tek i mot alle innspel til varer med opne armar.

– Ikkje snu i døra om vi ikkje har det du ser etter. Sei heller i frå så kan vi både ta inn nye varer til butikken, samt at vi kan skaffe det aller meste frå våre leverandørar, fortel ho.