Odd Magne Grythe og Terje Kjøs er på jakt etter dagleg leiar til i3 Element AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tjukk ordrebok for i3 Element

Tjukk ordrebok for i3 Element

06. november 2019

Det er full produksjon og fleire store leveringar på gang for i3 Element i Vang.

– Vi køyrer eit og eit halvt skift no og vurderer faktisk to skift for å møte etterspurnaden fortel Odd Magne Grythe. Saman med makker Terje Kjøs i Tveitabru holding og storaktøren Løvenskiold står han bak den ferske fabrikken i Vang.

Hallen på 1200 kvadratmeter opna i mai og det har vore levering av bygningselement til både hus, hytter, leilegheitsbygg og næringsbygg frå fyrste dag.

Rekrutterer


Til saman er om lag 40 personar i arbeid for i3 element og Tveitabru Bygg AS om dagen og dei er med det ein av dei større arbeidsgjevarane i Valdres.

Planen er å vekse vidare framover og fyrst ut er dagleg leiar av i3-element, samt ein ny prosjektkoordinator for Tveitabru Bygg.

– Med volumet vi er oppe i og alle planar framover treng vi ein som står for dagleg leiing av bedrifta og ikkje er like involvert i sjølve produksjonen. 



I hallen er den erfarne snikkaren Jostein Solsten på plass som produksjonsleiar.

Ser etter samarbeid

Ved siden av fleire større leveransar via Løvenskiold er i3 Element opptekne av å vera ein ressurs for lokale byggfirma. 

– Vi meiner fleire av dei lokale firmaa i Valdres kan styrke eigen inntening gjennom samarbeid med oss. Vi leverer ferdigelement etter skreddarsaum noko som betyr kjapp byggjeprosess, lite svinn, lite fukt og ellers gode arbeidstilhøve, fortel Gryhte.