Store bilar og små ungar krev kunnskap på båe hald.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Trafikksikkerheit

Trafikksikkerheit for fyrsteklassingane

15. oktober 2015

Vang sparebank, Vangsgutadn og politiet samarbeida onsdag denne veka om å lære fyrsteklassingane i Vang trafikksikkerheit.

– Tungbergaren til Vangsgutadn venta på parkeringsplassen med blitzlamper på og fanga merksemda til fyrsteklassingane med ein gong, fortel sjef i Vang sparebank, Arnfinn Helge Kvam.

Med den store bilen som læringsarena fekk ungane så ei innføring i blindsoner kring store kjørety. Lærarane fekk på si side ta turen opp i førarhytta og føle på blindsona sjølve.

– Arve avslutta seansen med å dra skikkelig til i hornet, til stor glede frå fyrsteklassingane, då han køyrde tilbake mot Hydro.

Neste post på programmet var å finne den sivile politibilen som var parkert. Når denne vart funne laut ein sjølvsagt teste blålysa før turen gjekk til klasserommet. Her heldt Per Moen frå politiet eit innlegg om synlegheit og refleks-bruk,

– Avslutningsvis fekk alle saman sin eigen refleksvest frå banken. Dette er noko vi har gjort kvart år sidan 2011, og med denne responsen kjem vi til å halde fram, avsluttar banksjef Kvam.