Nyheit

Trikkeskinner i vinterferien

  Nyheitsarkiv
25. feb 2016
  • Majestetiske omgjevnader i løypenettet til Grindafjell ski. Foto: tonjerob/Instagram
  • Frå løypa rundt Slettefjellet. Foto: Ingrid Asheim Hennum
  • Varmestøga på Tyin-Filefjell er ein naturleg avslutning på mange skiturar.
  • Ny løypeleggar syter for strøkne spor i området Grindafjell ski preparerar.
  • Ti-kilometerløypa rundt Laglim. Foto: Ingrid Asheim Hennum
  • Skiløypene hjå Grindafjell er kopla på nettet vidare mot Syndin og Vaset.
  • Ope landskap i området rundt Grindafjell.
  • Løypa mot Leirholshøgda på Åsvang er også preppa av Slettefjell løypelag.
  • Kongetraseen på Tyin-Filefjell går inn til DNT-hytta Sulebu. Foto: Jan Christian Jerving/Instagram
  • Topp tilhøve på Tyin-Filefjell om dagen. Foto Rune Hagseng - Instagram
Alt av skiløyper oppkøyrt

Alt av skiløyper i Vang er preppa i vinterferien. Både langrunder i høgfjellet til trivelege lysløyper i granskogen står til din disposisjon.

– Vi køyrer med ny løypemaskin i vinter og har betre spor enn nokon gong før, fortel løypebas for Grindafjell ski, Jon Helge Solemsli. Han er ute etter kvart snøfall og syter for at løypenettet er i god stand. 

Også rapportane frå Slettefjell løypelag og Tyin-Filefjell turløyper er solide - langrennsnettet i Vang er på sitt beste denne vinterferien. 

Her finn du oppdatert informasjon om alt av langrennsløyper i Vang.