Nyheit

Tyin–Filefjell opnar heisen

  Nyheitsarkiv
17. nov 2014
21. november er opningsdagen

Som eit av dei fyrste alpinanlegga i landet startar Tyin–Filefjell opp heisane sine fredag 21. november. 700 meter alpinbakke, pluss barnetrekk, er klart til opninga.

Fram til jul er anlegget opent kvar helg. Frå 20. desember og ut sesongen kvar einaste dag. Det er med andre ord klart for mange månader med alpint i anlegget som held opent til 1. juni i sumar.

Vert å nemne er at alle fjerdeklassingar køyrer gratis i anlegget dette året. Det gjeld for både Lærdal, Årdal og Vang. Samstundes får alle mellom 7 og 15 år i Vang kjøpe årskort for 1000 kroner.

Det er allereie preppa spor oppe ved Tyin og til helga tek dei sikte på at minst 10 kilometer langrennsløyper på natursnø er klare til bruk.