Line Svien er drivar av Tyinkrysset Fjellstue som opnar dørane i juni etter ein vinter med oppussing.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tyinkrysset Fjellstue opnar i juni

Tyinkrysset Fjellstue opnar i juni

01. juni 2020

Det er sommaren som no er i fokus for nye Tyinkrysset Fjellstue.

Få dagar før Tyinkrysset Fjellstue skulle opne dørene før påske, med nye eigarar, ny drivar og omfattande rehabilitering vart det full korona-stopp.

No nyttar vertinne Line Svien og resten av gjengen bak fjellstova tida fram mot sommarsesongen på best mogleg måte. 

– Vi var kome såpass langt at det no er snakk om nokre justeringar som gjer opplevinga endå betre for gjestane når vi opnar dørene for sommaren, fortel Svien.

Eksakt dato kan ho ikkje røpe heilt enno, men til sommarferien skal Tyinkrysset Fjellstue være i vanleg drift.  

Svien har for det meste vore opptatt med lamming i sauefjøset dei siste vekene, noko ein kan følgje på Instagramkontoen til Tyinlam. 

Heilt «ny» fjellstove

Det er ei på mange måtar ei ny fjellstove som møter kundane, der Svien sjølv har sett sitt tydelege preg på løysingar og interiør. 

– Målet er at folk skal føle seg velkomne heilt frå dei oppdagar fjellstova. Det betyr at vi no gjer ein del med uteområdet, men det er nok inne folk verkeleg vil sjå fornyinga, fortel Svien. 

Stilig og heimekoseleg er stikkord som skal passe godt for nye Tyinkrysset Fjellstue frå ein set foten innanfor døra. 

- Du skal bli møtt med eit smil, og det skal vera innbydande å sete seg ned for ein prat og ein matbit eller ta seg ein fest her, og det håpar eg vi skal lukkast godt med å få til. 

Satsar på maten

Som sauebonde, lokalmatprodusent og matentusiast er Line tydeleg på at kjøkkenet vert hjartet i fjellstova. 

– Vi har fått på plass kokk og kjem til å satse på mat med Vang og Valdres-signatur. Kvalitet og historien bak maten er viktig. Mange av oppskriftane er frå bygda vår og det skal visast tydeleg på menyen.

Ho har eit mål om at både vegfarande, feriegjestar og lokalbefolkning skal bruke fjellstova aktivt.

– Det skal vera ei triveleg oppleving å besøke og ete hjå oss og eg håper vi leverer på eit sånt nivå at det blir ein snakkis å ha vore på Tyinkrysset fjellstove.

I tillegg til vanleg drift vert det både lukka arrangement og aktiviteter i eigen regi gjennom sesongane. 

Det er også 5 leilegheiter som vert leigd ut på fjellstova og det er planar om bygging av nye leilegheiter. Meir om det seinare!

Mange stiller opp

Svien har hatt handa på rattet i oppgraderingane fram mot ny-opning, men det er mange som har stilt opp undervegs. 

– Det er mange som kan mykje av dei som er på eigarsida så det har vore kort veg frå ide til handling. Konstruktive diskusjonar har det vore, men eg har verkeleg vore heldig og fått det som eg har ynskt det!

Også engasjerte folk frå bygda har stilt opp på dugnad denne vinteren. 

– Det har vore stor stas at ein flott gjeng damer frå grenda, familie frå Oslo, og gode vener stilte opp for å – vaske ned heile bygget, og få alt på plass. Elles har mange kome innom med positive tilbakemeldingar, og til og med gjeve oss ting til innreiinga.  Det kjenst godt å ha så god støtte når vi no skal i gang, og me gleder oss til å ynskje velkomen til sommarsesongen på Tyinkrysset Fjellstue.