14117759_691645677668167_3061783283074734898_n-2.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Unik folkemusikknatt i Gamle Kvam

Unik folkemusikknatt i Gamle Kvam

17. juni 2019

Det er klart for ei natt med konsertar, dans og trolske felestiller i Gamle Kvam denne helga.

Konserten vert omtala som årets happening i folkemusikk-Valdres og det er Hilme-stemnet som står bak. Dei skriv: 

«Det er med stor glede Hilme året rundt inviterer inn til Grålysing i Kvam! Konseptet for kvelden/natta er å nå over alle felestiller vi har på hardingfele, og danse oss gjennom natta til ljøsblått, grønt, halvgrått og grålysing! Fyrst på kvelden blir det konsert med Jan Beitohaugen Granli og Magne Olav Selland. Etter konserten blir det dans heilt til sola står opp! Det blir høve til å overnatte i telt, og det blir sal av mat og drikke.

Jan Beitohaugen Granli er ein av dei mest markante spelemennene i Noreg. Han er eit kjend namn for mange som kappleiksgrossist, konsertspelemann og ein viktig læremeister for yngre generasjonar i Valdres. Med sitt drivande spel blir Jan også mykje nytta som dansespelemann.

Magne Olav Selland har eit heilt spesielt drag i spelet sitt, han kan kunsten å lokke fram melankolske klangar i fela, gjerne med fela stilt på «låg bas», men han kan og kunsten å eggje dansarane til ny dyst! Magne Olav har jobba i folkemusikkgruppa i Valdres, og jobbar til dagleg som organist.

I tillegg til Magne Olav og Jan vil Jørgen Kvam, Sivert Holmen og fleire sørgje for danselæte gjennom natta.

Overnatting: Det blir høve til å overnatte på "Grålysing i Kvam". Ein kan ta med telt eller hengekøye. For dei som korkje har telt eller hengekøye blir det òg ordna til overnatting på låven. Overnattinga er gratis!

MAT OG DRIKKE: Det blir sal av mat og diverse drikke, så ingen skal gå svoltne eller tyrste.

Inngang: 200,- (kjøpast i døra)

Konserten blir arrangert av Valdres Folkemusikkarrangement, gjennom konsertserien Hilme året rundt. Hilme året rundt er støtta av Norsk Kulturråd. 

Billettar i døra - meir på facebook - VELKOMMEN!