Brevene
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Utandørs vandreteater

Utandørs vandreteater

02. september 2020

Laurdag 12. september feirar vi avslutninga av årets Sommarles i Vang med utandørs vandreteater og utdeling av premiar.

– Vi inviterer store og små til «Brevene – et vandreteater» av og med Ragnhild Lund og Dominik Schmidt-Philipp, fortel Juliana Bonin på vegne av Vang folkebibliotek. 

Ho oppmodar om å ta med heile familien og møte opp i aktivitetsparken nedanfor kommunehuset.

– Du vil få ein tøff og romantisk oppleving med musikk, bilete, historier og gåter: Kva kom fyst; Kjærleik eller hat? Veit du svaret? Ta med penn og papir!

Etterpå blir det utdeling av premiar. I sommarferien leste barna i 1. – 7. klasse så mykje dei berre orka. Dette får dei utteljing for no.

- Kring alle deltakarane i Vang trekker vi tre vinnarar, og kvar lesne side tel som eit lodd. Det blir premiar frå havet i tråd med årets Sommarlestema «Djuptvatn», og bokpremiar til 2. og 3. vinnar. Hovudpremien er eit gåvekort på 1000,- sponsa av Valdres Sparebank.

Hugs å kle dykk etter veret. Velkomen skal de vere!