Nyheit

Utdanningsstipend frå Vang sparebank

  Nyheitsarkiv
06. des 2016
  • Vinnarar av utdanningsstipendet i 2015 frå Vang og Vestre Slidre.
  • Vinnarar av utdanningsstipend i Vang og Vester Slidre i 2014.
10.000 kroner til to studentar

Vang sparebank leiter etter kandidatar til årets utdanningsstipend. Tek du høgare utdanning og er kunde i banken kan brått 10.000 ekstra kroner koma inn på konto. 

Tradisjonen med utdanningsstipend frå Vang Sparebank går heilt tilbake til 1977.

– Vi som lokalbank ynskjer ved dette til å stimulere til at flest mogleg skaffer seg høgare utdanning, fortel banksjef i Vang sparebank, Arnfinn Helge Kvam.

Krav til søkjarar er at dei tek utdanning ut over treårig vidaregåande skule og er kunde i banken. To stipend på 10.000 kvar skal ut.

– Utdanning kostar pengar og vi håper samtidig at vi med dette kan gjera kvardagsøkonomien noko lettare for dei to heldige vinnarane av årets stipend.

Søknadsfrist er 11. desember. Søknadskjema finn du hjå Vang sparebank.