IMG 4781
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Værkåring på Åsvang: - Viktig og sosial dag

Værkåring på Åsvang: - Viktig og sosial dag

02. oktober 2023
Søndag vart det arrangert værkåring på Åsvang. Den beste væren skulle kåres og harde kriterier skulle oppfylles!

- Det er jo ein viktig dag for oss som arbeider med dette. I tillegg er det ein triveleg og sosialt, det er jo ikkje ofte me får henge over gjerdet og prate ein heil dag, ler Kjell Gudmund Svien. 

Han er ein av mange sauebønder som har tatt med dei beste av dei beste hanndyra sine til Åsvang denne dagen. Det er Vang sau og geit som arrangerer og er vertskommune for kåringa denne gongen.

Værkåringa har til hensikt å plukke dei aller beste værene for bruk i avl, og det er fleire harde kriterier som skal hukes av for at væren skal bli godkjent. Alt frå ullkvalitet til eksteriør skal vurderes nøye! At væren blir godkjent, og får det lilla merket i øret er eit sikkert kvalitetsstempel. 

- Det blir jo litt som ein slags missekonkurranse, berre for værer, ler Svien. 

 

Harde kriterier for kåring 

For å kåre dei beste av dei beste, er det dommar Tore Fredlund og Camilla Thomle Lybekk som skal vurdere værene nøye ein etter ein. Med lupe, målbånd og presisjon går dei gjennom kriterier og vurderer dei ulike kvalitetene. 

- En spesielt viktig ting me sjekker er blant annet ullkvaliteten, den er heilt avgjerande for om væren blir godkjent eller ikkje, seier Fredlund. 

Han tek opp ein del av ulla og legg den på ei glassplate, og sett lupa over. 

- Det er for eksempel ikkje ønskeleg med marghår i ulla, då desse ikkje tek til seg farge. Så, om eg skimtar marghår gjennom lupa, er det dessverre rett ut og rødt stempel i panna, smiler han. 

I tillegg er det ein del minimumskrav som må oppfylles, og værene får karakterer etter kva dommerne vurderer av kvaliteter. Sjølvsagt er det også meir individuelle krav på ulike raser av sau. 

Medan dommerane vurderer værene, jobbar Inga Bøe med å notere ned og plotte inn riktig informasjon på kvart enkelt dyr. 

- Det gjeld å halde tunga rett i munn og få med seg alt dei seier. Det er berre å følgje med, ler ho. 

På slutten av dagen er det sløyfekåring til dei tre aller beste værene som er blitt kåra.


Dette er årets pall i norsk kvit sau: 

1. Kjell Gudmund Svien 

2. Raymond Holien Eltun 

3. Anne Synnøve Lunde

 

Sjå fleire bileter fra værkåringa på Åsvang nedanfor.