Panelet (2).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Valdebatten 2019

Valdebatten 2019

19. august 2019

Det blir garantert heitt på Vang folkebibliotek når listetoppar og andre kandidatar frå Vang Arbeiderparti, Vang Senterparti, Miljøpartiet Dei Grøne Vang og Bygdelista i Vang møtest til debatt føre årets kommuneval! 

– Som debattleiar er vi stolte av å ha med oss Erik Wold, også leia debatten vår ved førre kommuneval. Følg med på facebookeventet når kvelden nærmar seg for meir info om emner, og kven som stiller frå dei ulike partia - denne gongen blir det nemleg ikkje BERRE ordførarkandidatane som kjem til orde, lovar dagleg leiar ved Vang frivilligsentral, Marte Tangen.

Debatten er i regi av Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral.