Fullsizeoutput 1777
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang har fått eigen REKO-ring

Vang har fått eigen REKO-ring

17. november 2021
Vang har fått sin eigen REKO-ring! No blir det enklare for både produsentar og kundar å handle god, unik og kortreist lokalmat.

Endeleg vil kanskje nokon sei. Mange har venta på dette, andre veit kanskje ikkje kva ein REKO-ring er?

Me byrjer difor med og forklare konseptet, og på den måten overtyde deg om at dette er ein genial kanal å forhandle lokale produkt på!  

Reko står for rettferdig konsum, og er ein salskanal. Distrubusjonsmodellen brukar Facebook som kommunikasjonsplattform, og heile konseptet byggjer på å selje mat utan bindeledd. Dette er altså eit matnettverk der lokalmatprodusentar i eit geografisk området annonserer varene sine via denne Facebook-gruppa, og kundane førehandsbestiller produkt via kommentarfeltet til produsentens innlegg.

Om du ikkje allereie er medlem av Facebook-gruppa, kan du søkje opp REKO-ringen i Vang og klikke deg inn for å bli med, anten som produsent eller lokalmat-entusiast. Gruppa er open for alle og det er gratis å bli medlem. 

Fyrste utlevering skjer ved Førjulsmarknaden i Øye Samfunnshus frå 12-13 laurdag 20. november. Det er altså her du hentar ut varene du har bestilt på førehand via Facebook. 

Me ynskjer både bygdefolket og hyttefolket varmt velkomen til Vang sin premiereutlevering, og har stor tru på at REKO-ring kan vere ein god salskanal!