FEEE7363 02DC 4F12 BE02 9489861D5D5A
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang heilt øvst på fiberdekninga

Vang heilt øvst på fiberdekninga

16. februar 2022
Vang utpeker seg og ligg heilt i øvste sjiktet av dekningsgraden av breibandsutbygging i Innlandet. Dette er svært gledeleg nyheiter for heile bygda!

Pandemi og unntakstilstander i heile verden har vist oss kor utruleg viktig og avhengige me er av digitalisering og god internettdekning.

Mang ein bedrift ville ikkje overlevd desse to åra utan lynraskt internett. Det ville vore vanskeleg å væra student og fullføre bacheloren sin. Og det ville vore vanskeleg å halde kontakten med på bestemor på FaceTime, utan den gode internettdekninga. Fiber er vorte ein stor del av kvardagen for dei fleste. 

Difor er det svært gledeleg å sjå at Vang no ligg øvst i dekningsgraden av breibandsutbygging hjå hushaldningane, i heile Innlandet!

 

 

- Viktig for heile Vang 

I Vang kommune har det heilt sidan 2015 vorte bygd ut fiber til bustader og næringsdrivande i bygda. Og med ein dekningsgrad på heile 90%, nærmar kommuna seg no målet om 100% dekning innan 2023.  

- Dette er utruleg viktig for heile Vang. Både innbyggjarane, deltidsinnbyggjarar og sjølvsagt nærligslivet. Koronasituasjonen har vist oss kor avhengige me er av denne utbygginga, seier ordfører Vidar Eltun. 

Ein fremtidsretta og robust digital infrastruktur er ein viktig forutsetning for at Innlandet skal klare å løyse mange av dei utfordringane dei står overfor. Ein må oppgradere infrastrukturen for å kunne skape verdier, velferd og nye jobbar. 

Samfunnet er heilt avhengig av god internettforbindelse, anten det er for innbyggjarar eller bedrifter og offentlege myndigheiter. 

Ordførar Eltun påpeiker at det er viktig for kommuna at dei når målet om 100% dekning så fort som mogleg, og han oppmodar alle som har moglegheit, til å koble seg på fiber.

- Det kjem nok berre til å bli meir og meir viktig med fiberdekning i framtida, seier Eltun.