Nyheit

Votteutstilling på Husflidsdagen i Gamle Kvam

  Nyheitsarkiv
06. sep 2016
Salsbodar, kunstutstilling og matservering

Ull er fokus for hudflidsdagen i Gamle Kvam frå 12-16 laurdag. Votteutstilling (der du kan bidra), måleri av Kristen Stavdal, matsal, samt fleire utsalsboder med handverk og mat er på plass gjennom heile dagen. 

Tema for årets husflidsdag er ull, og Vang Husflidslag ynskjer å vise fram den store variasjonen av vottar ein kan lage seg: 

- Fereerma/pulsvarmarar, grepavottar, rosavottar, fingervottar, arbeidsvottar, finvottar og mange fleire, seier Inger Wangensteen, ein av kontaktpersonane for husflidsdagen.

Det er ynskje om bidrag til utstillinga, og Vang Husflidslag tek gjerne i mot vottar før dagen.

- Sy vottane saman, og legg ein lapp oppi med namn og telefonnummer, så får de dei att etter utstillinga, oppfordrar Inger.

Kontakt Inger på tlf. 95 16 20 16 om du har vottar å syne fram på utstillinga. 

Gjesteutstillar Kristen Stavdal

Gjesteutstillar på årets husflindsdag er Kristen Stavdal. Han er målar som held til i Bagn, men han har lova å ta med minst to måleri frå Vang til Gamle Kvam laurdag.

- Gamle Kvam har utsal av rummegraut, spekemat og kvikako i hovudhuset på garden, fortel Inger.

Blant handverksprodukta ein kan handle finn de keramikk, strikking, vevnader, trearbeid, kurv, kortreiste grønsaker, urter og ost. Det vert og aktivitet for både små og store born. 

Praktiske omsyn

Gamle Kvam ligg om lag fem kilometer sør for Vang sentrum. Her er ni gamle bygningar og Kongevegen går rett forbi tunet.

Ein parkerer nedanfor garden, og de vert vist plassar frå parkeringsvertar. Det er kontant betaling både på mat- og salsbodar.

For meir informasjon om dagen, sjå Facebook-eventen: https://www.facebook.com/events/1164265313639927/

Ta turen, nyt og opplev livet i tunet!