Raymond Olsen har drege i gang Vang Jiu Jitsu som eit tilbud for ungdom i fyrste omgang og eit tilbud for alle så fort restriksjonane legg seg.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang Jiu Jitsu starta opp

Vang Jiu Jitsu starta opp

11. mai 2021
Fire dagar i veka trenar Vang Jiu Jitsu i styrkerommet i Vangshallen. Primus motor er nyinnflytta vangsgjelding Raymond Olsen.

– Akkurat no er det for ungdom frå 12-20 år, men det blir også for vaksne så fort restriksjonane tillet det, fortel Raymond Olsen.

Han flytta inn på småbruket Njukadn i Vang sentrum i fjor sommar. Med snart ti år som temmeleg aktiv jiu jitsu-utøvar og brytar bak seg har han no rulla i gang med treningar her i Vang.

– Eg klinte til og kjøpte spesialmatter i vår og det ordna seg etter kvart med å plassere dei her i styrkerommet. Her er det eigentleg heilt ideelt med god takhøgde, flott utsikt og moglegheit for enkel styrketrening i samband med treningane.



Vang jiu jitsu har treningar 17-19 måndag-torsdag kvar veke. Kontakt gjerne Raymond direkte fyrste gongen du svingar innom, så får du meir informasjon om treningane den veka. raymolsen@gmail.com // 471 77 811

Allsidig og sosialt

Jiu jitsu er ein kampsport med røter frå Japan som er populær over det meste av verda. Raymond har trent mest i Haugesund og Oslo, men også vore i både USA, Thailand og Brasil for å trene og gå kampar.

– Det er sosialt og bra mental trening. Ein lærar sjølvforsvar og vert sterk i heile kroppen og fleksibel på vegen. Det er også særs god trening for den som ynskjer å bli betre i mange andre idrettar, fortel Raymond.

Det er ein fast gjeng på tre-fire som har vore med dei fyrste par vekene, i tillegg til fleire som har vore innom for å teste. 

Faktisk er Vang Jiu Jitsu også på Instagram der ein post er logga så langt.