Nyheit

Vang klatreklubb opnar veggen

  Nyheitsarkiv
06. jan 2020
Vang klatreklubb er ein uhøgtidleg og sosial møteplass i Vang der klatrarar på alle nivå finn utfordringar.
Gratis klatring i heile januar

Vang klatreklubb opnar både dørene og veggen for alle som ynskjer det no i januar.

– Januar er tida for å teste ut nye ting og vi håper gratis drop-in vil få endå fleire vil ta turen innom for å teste klatring, fortel leiar i Vang klatreklubb, Linda Jevne.

Klubben teller om lag 200 medlemmer og vart kåra til årets klubb i heile landet i 2017 av Norges klatreforbund.

Klatreveggen i Vangshallen fekk nye ruter på plass før jul og byr no på utfordringar for både ferske og røynde klatrarar.

Brattkortkurs

For å sikre andre lyt ein ha brattkort, mens det ikkje er nokon krav til den som skal klatre i veggen.

- Vi kjem attende med nye brattkortkurs i løpet av vinteren også, fortel Jevne.

Vang klatreklubb held ope med barneklatring frå 17-18 måndager. Og så vanlege klubbkveldar frå 18-21 måndag, tysdag og fredag kvar veke.

Ny runde med klatrecup

Det er fleire aktive klatreklubbar rundt om i Valdres og Hallingdal og som eit samarbeid mellom desse starta Hallingdal og Valdres klatrecup opp i fjor.

– Dette er gratiskonkurranser som passar for alle med full premiering og det sosiale i fokus, fortel Jevne.

Hemsedal og Valdres har hatt arrangement tidligare i vinter, mens neste stopp er Gol den 26. januar. 15. februar er det konkurranse på Geilo, men siste stopp er i Vang den 22. mars.