Vang Krk Okt14.JPG
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang kyrkje 175 år

Vang kyrkje 175 år

20. mai 2015

Vang kyrkje vart vigsla for 175 år sidan, den 9. april 1840. I pinsehelga blir det jubileumsfeiring over tre dagar.

– Soknerådet gler seg særleg over at presten i Vang stavkyrkje i Polen, Edwin Pech kjem saman med sju andre frå Karpacz til jubileet, fortel prest Carl Phillip Weisser.

Soknerådet er og spente på å vise fram den nye saltskeia som dei har utarbeida til jubileet i samarbeid med Høvda Sylv og Tre.

Feiringa tek til på pinseaftan med kyrkjekonsert. Gamalklokkar Bjørn Skøre helser ved opninga. Det blir song og musikalske innslag ved Guri Skøre Solberg, Kristina Heensåsen, Jørgen Andrisson Kvam, Marit Hagerup, Olav Bøland, Oddbjørn Skeie, Bente Ingholm Hemsing, Alistair Peters og Høre mannskor. Etter konserten er alle bedne ned i prestegarden til grillfest.

Pinsedagen, søndag 24. mai, blir det festgudsteneste i Vang kyrkje ved fungerande prost Marit Slettum, sokneprest Carl Philip Weisser og pastor Edwin Pech frå stavkyrkja i Polen. Etter messa er det kyrkjekaffi i og utafor Drengestøga.

Måndag 25. mai, 2. pinsedag, startar programmet med morgonsong i Heensåsen kyrkje. Her blir det avduking av Belsheimstøtta som Vang historielag i samarbeid med Heensåsen sokneråd har flytta frå Vangsnes og opp til kyrkja. Fjellblom musikklag stiller utafor kyrkja. Frå Heensåsen blir det kulturvandring til Vang via garden Høvda og minnebautaen i Nordsveen og langs den gamle kongevegen. Ei god pause i Gamle Kvam høyrer med i programmet. Der kan ein kjøpe seg rømmegraut og spekjemat. Vel framme om ettermiddagen blir det aftansong i Vang kyrkje. Vangskoret deltek og her blir avslutninga av jubileet markert. Soknerådet i Vang ser fram til ei stor feiring og håpar mange finn vegen til kyrkja desse dagane.