Vang Maskin AS er medeigar av Vang Rør AS og til saman kan bedriftene tilby eit breidt utval tenester og triveleg arbeidsmiljø. Her er Harald Skar og Endre Victor Lunde, to nøkkelpersonar i drifta.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang Maskin oppe og går

Vang Maskin oppe og går

15. oktober 2019

Lage Gjevre AS har skifta namn til Vang maskin AS og i same slengen oppgardert både logo og heimeside. 

– Det var på tide å la Lage Gjevre-namnet kvile no og Vang Maskin AS høver seier jo det meste om kven vi er og kva vi gjer, fortel Endre Victor Lunde. Han er gravemaskinførar og ein av tre eigarar i Vang Maskin AS med ei årrekkje bak seg i bedrifta. 

Vang Maskin AS er også medeigar i Vang Rør AS og held hus i Synshagen næringspark i lag med fleire andre bedrifter. 

– Vi er godt nøgd med logoen og nettsida som Ingrid Wigdel i Ingridesign har fiksa for oss. Ut over namn- og logobytte gjer vi ikkje endringar i drifta men held fram med å gjere små og store prosjekt hovudsakleg i Vang, fortel Lunde.

Bedrifta har sentral godkjenning og driv med tomting, grunnarbeid, boring, sprenging, transport og masselevering i tillegg til køyirng av skiløyper på Tyin-Filefjell vinterstid.