Makalaus (3 of 3).jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vang på veggen

Vang på veggen

23. mai 2016

Omrisset av Vang, moderne fargar og glansa papir et er konseptet for nysatsinga frå Makalaus design.

– Det er litt stilig å innreie med noko som både syner identitet og tilhøyrsle, seier Monica Søndrol som eig og driv Makalaus Design.

Ho håper mange vil ta ein kikk på veggene sine og kanskje byte ut eit upersonleg bilete frå New York med ein av dei mange fargevariantane av den nye plakaten.

Lokalt produkt

Konseptet er ein lokal variant av ein nasjonal trend som går på å innreie med lokalt preg. Søndrol har valt å starte med heimkommunen Vang, men også resten av Valdres er i tankane.

– I går fekk eg bestilling på Øystre Slidre-versjonen av dette, så i dag sit eg og designar den, fortel Søndrol.

Valdres-versjonen er allereie designa, mens ledige stunder framover vert brukt til dei andre kommunane i dalføret. Monica er også open for andre variantar.

– Det er berre å ta kontakt med det ein ynskjer av fargekombinasjonar og motiv, så finn vi ei god løysing på det, understrekar Søndrol.

Eigen nettbutikk

Plakatane vert seld med ei nøytral svart ramme gjennom Makalus design sin eigen nettbutikk. Ein nettbutikk ho sjølvsagt har sett opp på eigen hand.

– Det var artig å lage nettbutikk og det er noko eg no tilbyr til den som ynskjer det så sine heimesider. Løysinga er enkel i bruk og kan passe godt for mange mindre verksemder i Valdres, seier Søndrol.

Tidlegare same dag har det tikka inn tre bestillingar i nettbutikken, som så vert produsert på bestilling.

– Her i Føsse fotostudio er det fotoskrivar av aller beste kvalitet som vert nytta til å køyre ut plakatane på høgkvalitets fotopapir. Det at eg har kontroll på heile produksjonen her gjer meg fleksibel og rask på levering, fortel Søndrol.

Ho kjem til å selje plakatar både på Farmendagen i Føsse, samt at ein også kan svinge innom Føsse fotostudio for å sjå plakatane «live» før ein kjøper.