Vangsgutadn.no er det spiltter nye nasjonale hengermerket frå Arve Wangensteen og resten av gjengen ved Vang Autoservice AS.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv vangsgutadn.no

Vangsgutadn.no - nytt hengarmerke frå Vang

31. august 2016

Med ti modellar i katalogen lanserast det splitter nye hengarmerket vangsgutadn.no på Vang Auto–Service laurdag. Det vert framsyning og aktivitetar frå 12-17 med utlodding av ein hengar til verdi av av 16.000 som ei stor gulrot.

Hengarar for båt, snøskuter, vannskuter, ATV og bil er hovudsatsinga til merket. Det er dette vi driv med til vanleg, så her veit vi godt kva som krevjast av ein god hengar, fortel Arve Wangensteen, dagleg leiar i Vang Auto–Service AS.

Dei står bak det nye merket som lanserast laurdag. Ved sidan av hengarar til å frakte kjøretøy er det også «vanlege» hengarar i katalogen. Felles for dei alle er nokre smarte løysingar og namn frå fjelltoppar i Vang.

– Vi er stolte over å halde til i Vang og difor både merkenamnet og namna på dei ulike modellane seg sjølv, fortel Wangensteen.

Familiearrangement og lansering

Laurdag er det altså klart for storstilt lansering av det nye merket. Alle dei ti modellane er sjølvsagt stilt ut.

– Det vert soft –is til 10 kroner heile dagen, kaffi og kaker. Vermeldinga ser bra ut og vi satsar på god stemning her heile dagen. Klokka fem trekker vi ut vinnaren av hengjaren «Hugakollen». Vi kan ordne med registrering der og då, så den som vinner kan få med seg ny hengar heim same ettermiddag, forte Wangensteen.

Skreddarsaum slår an

Målet til vangsgutadn.no er ikkje å vera billigast på standardhengarar, men å levere kvalitetshengarar til ein god pris.

- Vi har ein tett dialog med produsenten vår og fleire av modellane har løysingar og justeringar vi er åleine om, fortel Wangensteen.

Særleg har biltralla slått an fram mot lansering. – Vi har levert seks av den berre dei siste par vekene. Det har kome folk frå både Trondheim og Lista for å kjøpe akkurat denne hengaren, noko som lover godt for vegen vidare.

Det er planer om ny hall til lagring i Vang, oppretting av leasingavtalar og rekruttering av fleire utsalsplassar rundt om i landet etter kvart som merket vert etablert.