5AA673D5 1216 490C 874B D253B8EBB1D5
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vangskalenderen 2022 ute for sal

Vangskalenderen 2022 ute for sal

10. desember 2021
Vangskalenderen 2022 med tolv historiske godbitar frå bygda er no ute i alle matbutikkar i Vang.

– Her er fleire unike bilete frå private samlingar som aldri har vore publisert før. Kombinert med nokre postkortmotiv og nokre arkivfoto har vi fått til ein god miks av årstal, grender og motiv, fortel Dagny Britt Frøyen, motivsjef i årets kalender-komite.

Kalenderen vart lansert til julemarknaden i Øye og er no i førjulstida til sals hjå alle matbutikkar i Vang.

- Både Joker Tyinkrysset, Coop Prix Fjellvang og Joker Ryfoss har vore særs positive og sel kalenderen hjå seg. Også Norli på Fagerneskjøpesenter har kalenderen for sal, fortel Frøyen.

Det er Fjellblom musikklag som saman med Fjellblom idretsslag samarbeidar om Vangskalenderen. Med seg i komiteen har Frøyen hatt Synnøve Kvam og Anne Berit Hemsing frå Fjellblom Musikklag og Erlend Eggen og Hallgrim Børhus Rogn frå Fjellblom Idrettslag.