Skjermbilde 2022 12 02 Kl. 11.51.05 (2)
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vangskalenderen 2023 i butikkhylla!

Vangskalenderen 2023 i butikkhylla!

12. desember 2022
Neste års viktigaste veggpynt er no ute i butikkhylla - Vangskalenderen 2023!

Tradisjon tro er no neste års aller viktigaste veggpynt å få tak i på alle matbutikkar i Vang - Vangskalenderen 2023! Og i år som i fjor, og alle andre år, er også denne utgåva av kalenderen smekkfull av flotte, gamle bileter frå bygda vår. 

Dagny Britt Frøyen i komiteen for kalenderen, fortel at dei har funnet bilder i ein bildebase ho har samla opp over tid, samt nokre bileter frå Valdresmusea sitt digitale museum. Det er mange som sender inn forslag til bileter som kan vera i kalenderen, og Dagny Britt seier at dei meir enn gjerne tek imot fleire! 

Vangskalenderen er eit årleg samarbeid mellom Fjellblom musikklag og Fjellblom idrettslag. Og det er fleire som har gjort tradisjon ut av å samle på alle utgåvene, nettopp fordi det er triveleg med dei gamle bileta. 

Du får kjøpt Vangskalenderen på matbutikkar i Vang, samt bokhandelen på Fagernes. Og har du behov for å bestille den, men bur langt unna? Du sender du ei bestilling til fjellblom.musikklag@hotmail.com!