194ECF6E 078F 4EF7 BEB3 9EBB3E0F1DD3
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vangsnaturen er alltid open!

Vangsnaturen er alltid open!

05. januar 2022
Det er litt trasige tider for uss alle om dagen, både for store og små. Her er ein liten påminning om at Vangsnaturen alltid er open - og at me har mykje å finne uss på!

Så er det eit nytt år i Vang, med mange nye moglegheiter og gode minner i vente! Me starter kanskje ikkje året akkurat slik me hadde håpa eller sett for uss, men me vangsgjeldinger har vel sjeldant gitt opp av den grunn? 

Dei fleste går det nye året i møte med restriksjoner, testing, heimekontor, mindre sosialt og ingen fritidsaktivitar. Det kan vera tøft, sjølv for den mest positive! Difor er det viktig å hugse på at dette fyrst og fremst ikkje varer for alltid - og at det fortsatt er mykje positivt ein kan fylle kvardagen med! 

Nedanfor er nokre forslag til kva du kan fylle tida med i desse dager! 

Desse tråkige tider rammer også bedrifter og næringen i Vang. Det er difor viktig å hugse på å handle lokalt og bruke dei lokale aktørane me har her i bygda! Du finn ei oversikt over dei fleste bedrifter i Vang på sida vår. 

Ellers handlar det om å sjå dei rundt oss og passe på kvarandre, både dei me har omkring uss og dei me kanskje ikkje ser så ofte.

Så krysser me fingre for at det vanlege liv snart opnar opp att, men enn så lenge står Vangsnaturen alltid med opne armer!