Marte Tangen på Frivilligsentralen er klar med vårprogrammet for bibliotek og frivilligsentral. Tett og godt!
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Variert vårprogram

Variert vårprogram

31. januar 2019

Vårprogrammet på Vang folkebibliotek og Vang frivilligsentral er no klart.

- Velkomen til nok ein kulturell sesong med verkstader, foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir, seier dagleg leiar ved Vang Frivilligsentral, Marte Tangen.

Det kjem mellom anna besøk av countrystjerna Tove Bøygard denne vinteren og det blir kurs for frivillige og andre som driv med øvingskøyring. 

– Vi har også mållaget på plass for å presentere nye vangsgjeldingar, mens Vinjerock arrangerer klimadebatt med innlegg frå mellom anna miljøstiftelsen ZERO, informerar Tangen. 

Andre arrangement er morsmålsdagen og fleirkulturell vårfest som tidlegare. 

Vi skal også ha Vang sin nye kulturminneplan skal under lupa samstundes som vi stiller ut Anne-Marte Før si utstilling 'Handverkaren', og Torstein Lerhol lanserer sjølvsagt sin ferske sjølvbiografi i heimbygda si, avsluttar Tangen. 


Av faste arrangement er «Social Club og filmnight» tilbake, denne gongen på fredagskveldane. Lekseklubb og lesesirkel held fram.
 
- Alt er sjølvsagt gratis og ope for alle!