SteinTorleifBjella_Foto_SigneFuglestegLuksengard.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv #VÅRTNABOLAG tilbake

#VÅRTNABOLAG tilbake i Vang neste helg

23. august 2017

Saman med Oslo World Music Festival som starta #VÅRTNABOLAG-konseptet er det Vinjerock, Vang frivilligsentral og Vang mottakssenter som står bak festivalen i Vang. I år står mellom andre Stein Torleif Bjella og Frida Ånnevik på scena.

Ånnevik gjorde ein fantastisk bra konsert i biblioteket i vår, og rørte publikummet der med sitt engasjement og sin vakre stemme. Bjella har blitt ein folkekjær artist gjennom sine tekstar frå bygdenorge som mange kan kjenne seg igjen i, og han har en utrulig fin måte å formidle stemningar i livet på.

Solid program

African Sunz spelte både på årets Vinjerock og fjorårets #VÅRTNABOLAG i Vang saman med Stella Mwangi i gruppa Pos People. På årets #VÅRTNABOLAG opptrer duoen på eigen hand - med låtar på norsk, engelsk, fransk og swahili som du berre må danse til.

Anne Marit Bergheim frå Vestre Slidre og Marianne Sveen har etter 10 år saman i Katzenjammer gått i gang med kvar sine soloprosjekter. Men, dei gjer nokon få konsertar saman, og éin av dei er på Vang Mottakssenter 2. september. Vi gler oss!

Bebuarane er vertskap

God mat og godt vertskap er det bebuarane på mottaket som står for, og det er mange som er i sving for å skape fine rammer for festivalen.

- Vi er meir førebudd enn i fjor og alle på mottaket er involvert. Bebuarane vil lage mykje god mat og dei gler seg til å ta i mot gjester, seier mottaksleiar Jan Aage Bakke ved Vang mottakssenter.

Nokre av bebuarane vil opptre med song og musikk, men mest av alt gler dei seg til å få besøk. I tillegg til konsertar og mat blir det leik og aktivitetar for ungane, som introduksjonselevane i Vang står bak.

Engasjerte elevar

Også VBU er involvert, der skal breakdancer Navid Rezvani halde workshop med ungdomskuleelevar dagen før, og opptre saman med dei på festivaldagen. Navid er kjent for mange gjennom Norske talenter og andre TV-show. Han er ein enormt dyktig og engasjert artist og det er stor stas at elevane i Vang får blir kjent med han og hans historie.

Kulturskulens barnekor er med i år som i fjor, denne gangen saman med trommespelar Jeba.

- Vi er veldig fornøyd med årets program, seier festivalsjef Julie Forchhammer. - Musikerne fra mottaket var fantastiske i fjor, og jeg gleder meg til å høre både dem og de tilreisende artistene.

#VÅRTNABOLAG

Festivalen vart starta på Torshov transittmottak med utgangspunkt i at folk i nabolaget skulle få bli kjent med dei som budde på mottaket, og visa versa. Det same er målet i Vang.

Mange som kom i fjor hadde ikkje vore innanfor portane der før, og det var tydeleg at dei sette pris på ei anledning for å bli litt kjent med mottaket, som husar så mange innbyggjarar midt i sentrum.

På #VÅRTNABOLAG er alle velkomne!

Stad:
Vang mottakssenter, Tyinvegen 5170
Tid: 2. september frå kl 13 til kl 17
Desse står på scena: Stein Torleif Bjella Frida Ånnevik African Sunz Anne Marit Bergheim og Marianne Sveen (Katzenjammer) Navid Rezvani og dansarar frå VBU Kulturskulens barnekor og Jeba.