TeXel trommar saman troppane og byr opp til dansefest på Tyinkrysset fjellstove.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vegfest på Tyinkrysset

Vegfest på Tyinkrysset

06. september 2017

Fyrste fredag i oktober ber vi inn til storslått feiring av at vegen over Filefjell er ferdig. Legendene i TeXeL spelar opp til dans på nyopna Tyinkrysset fjellstove, som også byr på pizzabuffet.

– Det er ein festdag for Vang når vegen er ferdig og det er heilt naturleg å feire dette på Tyinkrysset fjellstove der folk frå både Lærdal, Årdal og Vang har ein naturleg stoppetad, seier ordførar Vidar Eltun.

Eltun er ein vegforkjempar av rang og gler seg til opning av veg og ein skikkelig dansefest på Tyinkrysset. Det same gjeld det legendariske vangsbandet TeXeL. Dei påstår at dei ikkje øver ofte om dagen, men at repertoaret av coverlåtar bør lokke folk frampå dansegolvet.

– Vi dreg sjølvsagt fram E68-visa på ein kveld som dette, seier Vidar Wangensteen som spelar trommer og organiserer troppane i TeXeL. Som start på kvelden stiller Tyinkrysset fjellstove som gjenopna denne sumaren på pizzabuffet.

- Øl og pizza er rette oppladinga til dansefest, seier drivar Halgeir Opdal som ser fram til å samle bygda til fest på fjellstova si.

Program

19:30 Dørane opnnar
20:00 Pizzabuffet
21:00 Presentasjon av nye vangsgjeldingar
21:30 Dørane opnar for dansefesten
22:00 Dansefest med TeXeL
01:30 Slutt

Prisar og påmelding

Pizzabuffet og dansefest kr. 275,–

Dansefeset kr. 150,-

Påmelding til middag og fest til hallgrim@vangivaldres.no

Sal av billettar til dansefesten i døra frå 21:30.

18 års aldersgrense.

Kort og kontant.