4A2DEC44 6B95 4264 B741 B2168ADA7268
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vesle-Vinje for små Vinjerockarar

Vesle-Vinje for små Vinjerockarar

30. mars 2022
Kva er den beste måten å rekruttere nye Vinjerockarar på? Arrangere Vesle-Vinje i barnehagen!

Forrige veke vart Vesle-Vinje arrangert i Høre barnehage! Det er ein mini-festival for barna der dei får vere med på gjennomføringa av arrangementet. Barna hadde forberedt seg på beste vis, og hadde laga både festivalarmbånd og flotte vimpler til å pynte med i salen.

For er det festival, så er det festival! 

Dei eldste barna var vertskap og hadde ansvar for dekor, og malte og pynta bannere og velkomstskilt til bandet. I tillegg hadde dei ansvar for opprigg av salen, der dei sette opp stolar og puffar, og bestemte korleis alt skulle stå.

Og då det var tid for konsert, hadde skulestartarane ansvar for å sette på festivalarmband, og stemple billetten til dei yngre ungane som kom på konserten. 

- Eg er djupt imponert over førebuingane dei tilsette og barna i Fredheim og Høre barnehage har gjort saman med ungane. Det er tydelig at dei er ein engasjert og skikkelig dyktig gjeng som både jobbar og går i barnehage i Vang, smiler festivalsjef for Vinjerock, Sigird Skjerdal. 

 

Hæla i taket med barna!

Spellemannsvinnar Sarah Camille og kompanjongen Kouame Sereba bergtok heile forsamlinga med historieforteljinga si, og med trommer og speling på boge!

Ungane i Vang fikk vist at dei både kan synge, danse og vere eit skikkelig bra publikum i heile førti minutt!

- Det er så imponerande. Det er heilt tydelig at vi har ein bra gjeng med arrangørspirer og Vinjerockarar i den yngre garde vangsgjeldingar, smiler Skjerdal.

Ho fortel at Sarah Camille og Kouame Sereba var utrulig gode historieforteljarar og at dei verkeleg kunne kunsten med å fenge oppmerksomheta til ungane.

- Det var skikkelig kult å sjå ungane leve seg inn i historiane, hugse på små detaljar og svare med liv og leven når dei fekk spørsmål, seier Skjerdal. 

- Vi gler oss til å kome tilbake og lage meir leven saman med vesle-vinjerockarane til neste år! 

 

Vekker gode følelsar uansett alder 

Assisterande styrar i Høre barnehage Heidi Lynge Kvale forsikrar om at dagen var vellukka og at Vesle-Vinje vekker gode følelser hjå både små og store i Vang. 

- Pandemien har de siste to årene satt en stopper for Vesle-Vinje i barnehagen, men i år var det endelig mulig å gjennomføre, og for en fin dag det ble, smiler Lynge Kvale. 

Ho fortel at dei starta planleggingen av Vesle-Vinje for nokre månader sidan, og kom fort fram med ein plan for dagen. Sjølvsagt skulle dei ha besøk av Fredheim barnehage, og sjølvsagt måtte det koma artister! 

- Då me satte igang med forarbeidet til den store dagen var barna skikkeleg engasjerte og gleda seg til konsert. Både armbånd og vimpler måtte lages til arrangementet, seier Lynge Kvale. 

Endelig kom dagen, og det kunne merkes på både stor og liten at dette var en spesiell dag.

- Det ble en dag fylt med lek, sosialsamvær, dans, musikk og masse glade barn og voksne! Kulturarrangementer vekker gode følelser i oss uansett alder, og det å kunne ha felles referanser setter en booster i samholdet ikke bare i vår barnehage, men for alle barnehagebarn og ansatte i Vang kommune, smiler Heidi.