IMG 5973
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vidar Eltun er årets positive Vangsgjelding

Vidar Eltun er årets positive Vangsgjelding

06. desember 2023
Vidar Eltun vant prisen for årets mest positive Vangsgjelding i 2023!

Den positive Vangsgjelding må vere eit godt føredøme for alle oss i Vang. Kandidaten må kome bygda si i hug på ein positiv måte, fyrst og fremst utan tanke på eiga vinning. Kandidaten må ikkje minst vere kreativ og ein lagspelar, med evne til samarbeid.

Vedkommande er kjent for å vera særs positiv og stille opp i små og store oppdrag for bygda si. Vinnaren er ein person mange oppfattar som eit ja-menneske. 

Vinnaren takler mange ulike roller og oppdrag, og han påtek seg oppdrag og eller roller som stundom krev at han lever seg inn i andre identiteter og opptrer lett i forkledning. Mange har høyrt han formidle Cristian Krogs reise med hest og slede over ein ¨kav røtin mjøsis april¨eller som skodespelar, nisse eller anna her lokalt i Vang. Positivt har han stilt opp og bidrege, mange gonger på eit nivå som har fått sjølveste Vazelina Bilopphøgger´s te å bleikne. 

Han er ein fotballentusiast av dei store og han har utallige timar for fotballen i Vang, i ulike roller. 

Han er kanskje mest kjend for ei rolle han har hatt over fleire periodar. Sjølv om denne rolla ikkje var utslagsgjevande for tildelinga av prisen i dag, er det ingen tvil om at kandidaten også har utført denne rolla på ein god måte. 

Tal nominasjoner og grunngjevningar innkomne til formannskapet, fortel om eit engasjement 24/7. Oppsummert er nemnda samde om at kandidaten har bidrege svært positivt for bygda. Dette i fortid, notis, og me er trygge på at han vil bidra positivt i framtida. 

Årets positive Vangsgjelding 2023 er Vidar Eltun! 

 

Foredrag og felespel på biblioteket 

Før ordførar Jørand Ødegård Lunde kåra årets positive Vangsgjeldning, var det sjølvsagt mykje anna spennande på programmet. Tor-Evert Grøndal fortalte ope og ærleg om den nye boka si Småbruksdrømmen - om livet på landet og hva vi egentlig lengter etter. Han tok oss med på reisa frå barndommen, alle opp og nedturer i livet, og vegen fram til Øvre Brekkebakkadn. 

I tillegg held Jørgen Andrisson Kvam eit flott innslag med felemusikk og laga god stemning i biblioteklokalet! 

 

Sjå fleire bileter frå kvelden nedanfor.