97D62960 D011 467B AD52 6FD65976AC7B
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Vidar klipte snora for Turtnes-Øye

Vidar klipte snora for Turtnes-Øye

19. oktober 2022
Nok ein festdag i Vang når ordføraren i dag kunne klippe snora for vegstrekninga Turtnes-Øye!

For nesten nøyaktig eitt år sidan starta prosjektet med å utbedre vegstrekninga Turtnes-Øye, og i dag kunne endeleg den ferdigstilte 3,2 kilometer lange parsellen opnast! 

E16 Turtnes-Øye er ein viktig del av øst-vest forbindelsen over Filefjell, og er sjeldant stengt på grunn av dårleg vær. Difor er det og ekstra viktig at dette er ei trygg ferdselsåre for alle trafikanter som ferdes her. 

Då utbedringsprosjektet starta i fjor haust hadde vegen relativt dårlig standar. Den var ulykkesbelata og hadde dårleg framkommelegheit på dagar med stor utfart. Men etter eit år med godt arbeid frå både Statens vegvesen og entreprenørane, Brødrene Dokken AS, er no vegen i mykje betre forfatning - ja, faktisk som ny!

 

Dette er gjort på strekninga: 

  • Økt vegbredden til 8,5 meter
  • Bedre bæreevne og kurvatur
  • Bedre drens- og overvannshåndtering
  • Forsterket midtoppmerkingen og gjort sideterrenget sikrere
  • Bygget tre nye bruer
  • Lagt nytt dekke

 

Opninga av vegstrekninga vart i dag markert ved kjettingplassen i Øye, der representantar frå både Statens vegvesen og Brødrene Dokken AS stilte. I tillegg var sjølvsagt ordførar i Vang, Vidar Eltun på plass for å høgtideleg klippe snora. 

Parsellen Turtnes-Øye er ein av veldig mange strekninger som utbedres i Vang om dagen. Og om litt blir det og ein ny festdag i Vang, når den etterlengta Hugaviktunnelen endeleg skal opnast!